Viser arkivet for stikkord sogn

Ver budde på bjørnebesøk

Bjørn sett i Lom pinseaftan.

I pinsa vart ei søye drepen av bjørn på Brenna i Bøverdalen i Lom kommune. No åtvarar rovviltkontakten i Lom folk i Sogn og Fjordane.
– Vi reknar med at bjørnen trekkjer mot Sogn og Fjordane. Det er mest logisk at det er den retninga han tek, seier rovviltkontakt i Lom, Christian Vole til Firda.no
Det var ved midnatt pinseaftan at ein bonde skulle sjå til sauene sine. Der oppdaga han ein bjørn som var midt i eit herremåltid med å fortære ei søye han hadde drepe.
– Og då kan han fort finne på å svinge innom Sogn og Fjordane. Det er ikkje lange turen, seier Vole.
Han har gitt beskjed til fjelloppsyn i Luster, Einar Fortun.
Leis meir på firda.no

Nye tider for "Torløa" i Mundal

I papirutgåva av Sogn Avis kan me i dag (13/10-08) på framsida lese om Torløa i Mundal. Dette tilårskomne og eg vågar seie stygge bygget skal no etter alt og døme rivast, berre den verneverdige grunnmuren skal stå att. I staden skal det reisast eit nytt bygg med fire etasjar.

Den gamle møkakjellaren skal forvandlast til kafè, med planlagd servering av m.a. lokal mat. På heilårsbasis!
– Lokal matskikk er ineressant for turistar og det er eit mål å ha heilårsope, slik at lokale kan nytta det som forsamlingslokale, seier ein av initiativtakarane.
Vidare opp i etasjane er det planlagt butikk, næringslokale og fem fritidsbustader.
I tillegg er det planar om inntil seks nye einebustader på areal i nærleiken.

Det er selskapet Mundal Utvikling AS som står bak desse planane. Selskapet består av Johs Jamne, Tor Østensen, Randi Skredegård, Anders T. Mundal, Nils Distad og Inge Rauboti. - Me vil laga ein attraktiv innfallsport til Mundal, seier Tor Østensen. Selskapet framhevar nærleiken til fjorden som viktig for etableringa, og saman med Hotel Mundal og Fjærland Kyrkje, som er naboane til Torløa, vil den gamle fjøsen bli løfta fram som eit av tre flotte bygg i Mundal. Østensen, Skredegård og Jamne ser det viktig at dei spelar på lag med lokalmiljøet og at grunneigarane er involverte i planane.

Selskapet har opplevd å få medvind frå Sogndal kommune, og dei reknar med at planarbeidet og det formelle i høve kommunen skal vere i mål til sommaren. Då kan ein rekne med byggjestart påfølgjande haust.

Skrivaren av dette innlegget stiller seg positiv til prosjektet, og håpar på den type aktivitet og resultat som Mundal Utvikling AS ynskjer å få til.
Kva meiner du??