Viser arkivet for stikkord simas

Vårens vakraste eventyr

Endeleg! SIMAS kjem til ferjekaien i Fjærland 28. mai mellom kl. 13 og 17 for å ta imot avfall. Me lyt betala for moroa, men her kan me i alle fall få kvitta oss med det me har rydda og samla opp gjennom vinteren. Hurra.

Endeleg!

Vårrens! Vårens vakraste eventyr.

For å få klargjort det dårlege ordspelet i tittelen: Tysdag 7. juni vert det mogleg å levera grovavfall, farleg avfall og næringselektro på ferjekaien. Meir informasjon ligg på heimesida til SIMAS. Bygdautvalet vil òg oppmoda bygdafolk å rydda langs vegane når ein går tur. Ta med ein pose.