Viser arkivet for stikkord opningshelgi

Bokbyen opnar 28. april, programmet er klart. Hurra!

Ta-da! Bokbyen opnar laurdag 28. april, og programmet til opningshelgi er klart. Temaet er bygningar og landskap ute og inne. Konsert med Elin Furubotn i kyrkja laurdagskvelden (billettar på bokbyen.no), og ikkje minst: heile programmet er her. Å sæle stund! Gå no straks avstad og sprei ryktet, godtfolk!

No opnar bokbyen

Slik ser det ut ein halvtime før butikkane opnar. Opphald akkurat no, god temperatur og ein svær, svær haug med bøker i Fjærland. Dette er vakkert, og finst ikkje andre stader enn akkurat her.

Der skulle du ha vore... Opningshelgi i Fjærland

Det var brei semje mellom dei mange som var til stades på Opningshelgi i Den norske bokbyen, Fjærland, at dette var noko stort. Artistar og forfattarar sette eit tydeleg festivalpreg på Fjærland mellom 1. og 3. mai i år, med ein fantastisk Terje Vigen-konsert med Knut Reiersrud og Jan Erik Vold i Fjærland kyrkje laurdagskvelden som eit høgdepunkt. Kom du deg ikkje til Fjærland? Åh, der skulle du ha vore, kar! Teaterstykkje, intervju, siste nytt frå USA ved Per Egil Hegge, og opplesing av gamalengelsk lyrikk på laurdag. Det siste innslaget har du forresten sjanse til å få med deg no på laurdag òg. Me plukkar ut ulike godbetar frå bokhyllene våre kvar einaste laurdag i sesongen. Kom innom på Tusund og ei natt klokka 16 ein laurdag, og innom bokbyen når som helst elles! Me held ope kvar dag mellom klokka 10 og 18 fram til 30. september.