Viser arkivet for stikkord musikkverkstad

Musikkverkstaden er i gang att

Kvar onsdag no utover (utom kino-onsdagar) er det musikkverkstad på bygdahuset i Fjærland! Born på mellom- og ungdomssteget er hovudmålgruppa. Det er berre å bli med.

Ei liti ulempe ved å bu i ei liti bygd...

… er at det av og til er for lite folk til det me vil gjera. Det opplevde me på musikkverkstaden i dag – når ein var sjuk og to ikkje kom seg dit, vart det att ein einaste deltakar og to instruktørar, så me reiste heim alle. Me er få, og avhengige av omtrent fullt oppmøte om me skal ha musikkverkstad. Samstundes er dette eit tilbod og ikkje tvang, det skal vera lov å ikkje koma.
Difor gjer me det slik frametter: Ungane avtalar på skulen seinast torsdagar, slik at dei veit kven som er borte og kven som kjem på musikkverkstad. Er det for mange borte, blir musikkverkstaden avlyst den veka. Høyrest det greitt ut?