Viser arkivet for stikkord mundal

Endeleg kaiarbeid...

Fjærland bygdautval har starta med dugnadsarbeid for å realisera planane for Mundal sentrum. Difor treng me dugnadshjelp til forskaling og jarnbinding veke 35 og 36. Seinare i haust vert det dugnad for å leggja bjelkelag og dekke.
Viss du ikkje har høve til å stille på dugnad, kan du gje ei pengegåve til prosjektet (Mundal sentrum ved Fjærland bygdautval). Det er alt kome melding om fleire både større og mindre gåver, alt vil
vera til hjelp for å få prosjektet i hamn.
For å melde deg på dugnad eller gje pengegåve, kontaktar du Hans I Haugen på tlf.
97003631 eller e-post:hans@horpedalkraft.no.
Du kan òg ta kontakt med Ingvar Supphellen, som vil vera på arbeidsplassen dei fleste dagane.

Fjærland bygdautval v/ Hans I Haugen

Boknatti 2012: Namneslepp

Dette blir litt av ei boknatt! I mellomtidi må de ikkje gløyma å røysta på bokbyen eit par dagar til – på fredag blir det avgjort.

Vårrens! Vårens vakraste eventyr.

For å få klargjort det dårlege ordspelet i tittelen: Tysdag 7. juni vert det mogleg å levera grovavfall, farleg avfall og næringselektro på ferjekaien. Meir informasjon ligg på heimesida til SIMAS. Bygdautvalet vil òg oppmoda bygdafolk å rydda langs vegane når ein går tur. Ta med ein pose.

Hugs bokby-mammut neste sundag

Viss du enno ikkje har fått teke turen til bokbyen i år, er sundag 27. september eit godt høve. Då sel me alle bruktbøker under 200,- til halv pris! Her kan du skaffa gåver så du har til langt over nyttår, og det styggeleg billeg.

Nydeleg vêr på boknatti

Til alle dykk som lurer på å koma til Fjærland for å vera med på Boknatti 2009, 20. juni: Her er vêret nydeleg. Soli skin, folk myldrar, og det er att mykje av det mangfaldige programmet, både laurdag og sundag.
Køyr bort frå regnet, kom til Fjærland!

Nye tider for "Torløa" i Mundal

I papirutgåva av Sogn Avis kan me i dag (13/10-08) på framsida lese om Torløa i Mundal. Dette tilårskomne og eg vågar seie stygge bygget skal no etter alt og døme rivast, berre den verneverdige grunnmuren skal stå att. I staden skal det reisast eit nytt bygg med fire etasjar.

Den gamle møkakjellaren skal forvandlast til kafè, med planlagd servering av m.a. lokal mat. På heilårsbasis!
– Lokal matskikk er ineressant for turistar og det er eit mål å ha heilårsope, slik at lokale kan nytta det som forsamlingslokale, seier ein av initiativtakarane.
Vidare opp i etasjane er det planlagt butikk, næringslokale og fem fritidsbustader.
I tillegg er det planar om inntil seks nye einebustader på areal i nærleiken.

Det er selskapet Mundal Utvikling AS som står bak desse planane. Selskapet består av Johs Jamne, Tor Østensen, Randi Skredegård, Anders T. Mundal, Nils Distad og Inge Rauboti. - Me vil laga ein attraktiv innfallsport til Mundal, seier Tor Østensen. Selskapet framhevar nærleiken til fjorden som viktig for etableringa, og saman med Hotel Mundal og Fjærland Kyrkje, som er naboane til Torløa, vil den gamle fjøsen bli løfta fram som eit av tre flotte bygg i Mundal. Østensen, Skredegård og Jamne ser det viktig at dei spelar på lag med lokalmiljøet og at grunneigarane er involverte i planane.

Selskapet har opplevd å få medvind frå Sogndal kommune, og dei reknar med at planarbeidet og det formelle i høve kommunen skal vere i mål til sommaren. Då kan ein rekne med byggjestart påfølgjande haust.

Skrivaren av dette innlegget stiller seg positiv til prosjektet, og håpar på den type aktivitet og resultat som Mundal Utvikling AS ynskjer å få til.
Kva meiner du??

Suksess for bokbymammut

Salssundagen i Den norske bokbyen vart ein klår suksess.
- Dette var bra for oss, seier dagleg leiar Eivind Ødegård. Bokbyen, til liks med andre turistverksemder på vestlandet, har hatt noko nedgang frå i fjor til i år. Difor var det ekstra gledeleg at me fekk eit godt sal på slutten av sesongen. Då blir det meir freistande å gjera noko liknande neste år, spesielt når me veit at me kjem til å ha nye og spanande bøker å by på kvar sesong, avsluttar Eivind.

Mammutsal i bokbyen for fyrste gong!

Fjærland

Sundag 28. september prøver Den norske bokbyen i Fjærland seg på noko heilt nytt: Eit kjempesal, der tusenvis av bøker går ut til halv pris! Prisen på bruktbøkene i bokbyen er låg frå før, so denne dagen er det duka for mange røvarkjøp i bokbyen. I tillegg går mange gåveartiklar og suvenirar til godt under halv pris.
- Me har både bruk for å rydda or hyllene før sesongslutt, i tillegg til at me gjerne vil skapa litt blest om bokbyen, seier dagleg leiar Eivind Ødegård. Han meiner salet er ein triveleg gest til folk på vestlandet.
- Turistsesongen er på det meste over. Bokbyen har drift heile året, men me har sesongope til siste dagen i september. Salet er ein måte å få fastbuande til å oppdaga dette, seier Ødegård, som legg til at det blir opplesingar og andre hendingar utover sundagen. Han opplyser at alle vanlege bruktbøker går for halv pris, men dei dyraste er haldne unna salet. Bøker for opp til 200,- har med andre ord 50% rabatt.
- Her er det om å gjera å merka seg datoen – salet er berre sundag 28. september, og på denne dagen kan du få gjort unna gåvehandel for heile året, avsluttar Eivind Ødegård.

Meir utfyllande program kjem etterkvart på heimesida til bokbyen