Viser arkivet for stikkord lyd

Kino med kringlyd på bygdahuset i kveld

For fyrste gong i Fjærland: Digital kino med 5.1-lyd! Bygdakinoen kjem i kveld med filmane Madagaskar 2 og James Bond – Quantum of solace. For fyrste gong i Fjærland blir filmane synte på eit digitalt kinoanlegg med kringlyd. Dette kan me gjera på grunn av lydutstyret Fjærland ungdomslag har kjøpt inn. Lyden i kveld blir send ut frå to høgtalarar ved scena (høgre og venstre framme), to bak i salen (høgre og venstre bak), ein høgtalar midt framfor kinolereftet (senter) og to samankopla basshøgtalarar under scena. Viss du no teller etter, finn du ut at det i alt er fem lydkanalar pluss bass. Det er det me kallar 5.1, og det gjev lyd kring deg på alle kantar – difor namnet kringlyd.
Og hugs: god lyd er ikkje det same som høg lyd! Det går an å seia frå viss det er for høgt.

Kva skal studioet heite?

Viss de har lese denne artikkelen i Firda, spesielt nedste delen, har de kanskje fått med dykk at det blir planlagt eit lydstudio i Fjærland.
Men kva skal det heite?
Korkje eg, Jan Peter eller Rainer har so langt kome med det beste, mest kreative eller artigaste forslaget. Kva er det beste namnet på eit analogt lydstudio i Fjærland? Hjelp oss å finne det! Kommenter dette innlegget, og kom gjerne med fleire forslag om gongen.
Namnekonkurransen er med dette i gang, og me finn nok ut av ein premie til beste forslag :-)