Viser arkivet for stikkord lommelykt

LOMMELYKTTUR!

Fjærland 4H arrangerer;

LOMMELYKTTUR

Det er på tide å få fart i romjula, og 4H har glede av å invitere alle som vil med på ein lommelykttur med ein morosam ordleik.

Oppmøte på Stølen torsdag 27/12 klokka. 17.00. Derifrå går me ei skogsløype og endar opp ein stad der det vil verta tent bål. Ein må sjølv syte for å ha med seg drikke, grillmat og evt.anna som måtte ønskjast.

Me håpar at mange er freista til og vere med – både store og små! à Så ta på gode klede og møt opp med ei lommelykt i handa! Me ser fram til ein triveleg romjulskveld!