Viser arkivet for stikkord kultur

Boknatti 23. juni: Programmet er klart!

Eit stort, svært, omfattande, eksklusivt og spennande program ventar på Boknatti 23. juni 2012. Les meir hjå bokbyen, og møt opp!

Boknatti 2012: Namneslepp

Dette blir litt av ei boknatt! I mellomtidi må de ikkje gløyma å røysta på bokbyen eit par dagar til – på fredag blir det avgjort.

Boknatti årets kulturide? Du avgjer!

Boknatti i Fjærland er mellom finalistane til kåringa av årets kulturide i fylket. Den heilt spesielle miksen av gjenbruk, bokmarknad, heilt gratis litteratur og kultur minst på nasjonalt nivå, og dei beste omgjevnadene landet har å by på, gjer boknatti meir aktuell for kvart år. Men me må røysta for å vinna prisen på 100.000 kroner! Gå til NRK og spander eit klikk, ein gong kvar dag på kvar datamaskin du kjem borti, og be alle kjenningane dine gjera likeins!

Boknatti 2011: Programmet er klart

Heavykatten, keisar Wilhelm, vaksne menn på ville vegar, mat og drikke; bøker, musikk, litteratur og forfattarar. Kom og sel bøker sjølv, og opplev programmet på boknatti 2011.

Kulturkveld i Fjærland.

Øvretveiten him self

Torsdag 13. november vert det ei storhenda på bygdahuset i Fjærland. I samband med at Fjærland Bondelag skal avvikla årsmøte ber me heila bygdi inn til ein hugnadsfull kveld på Skarestad. For å gjera meir ut av årsmøtet har me bedt Ole Johannes Øvretveit om å koma og underhalda. Og ikkje nok med det, men musikkverkstaden skal starta programmet med musikk av beste sort, OG det er ope for alle i heila bygdi, GRATIS!

Ole Johannes Øvretveit er vel kjend i fylket; moromann på NRK Sogn og Fjordane, kåsør, forfattar, kjømeistar og mykje meir. Verdskjend vart han likevel fyrst då han kjøpte kjøtet til Fjærlandsbjørnen og ba alle bjørnejegarane inn til ein særmerkt mat og kulturkveld på Sande. Dei som var der pratar framleis om det!

Musikkverkstaden har drive på i eit par år no, og dei er trass i ung alder nokre rasarar på instrument og song. Alt under mydig leiing av Eivind “Bluesmann”

Torsdag 13. november klokka 20.00 opnar dørane på Skarestad og alle som har ikkje har over 40 i feber eller har kalving på gang MÅ ta turen, for dette vert moro!

Etterpå vert det vanleg årsmøte i bondelaget, omlag klokka 21.00.

Hjarteleg vel møtt alle saman!!

Fjærland Bondelag

Større aktivitet i Bokbyen i 2009

LITTERATUR OG KULTUR: Sesongen er over for i år, men dagleg leiar i Den Norske Bokbyen AS, Eivind Ødegård, ser fram mot 2009 sesongen der 313.000 kroner sikrar kulturarrangement og utvida boknatt i bokbyen i Fjærland.
Les meir i Sogn Avis her