Viser arkivet for stikkord kringlyd

Kino med kringlyd på bygdahuset i kveld

For fyrste gong i Fjærland: Digital kino med 5.1-lyd! Bygdakinoen kjem i kveld med filmane Madagaskar 2 og James Bond – Quantum of solace. For fyrste gong i Fjærland blir filmane synte på eit digitalt kinoanlegg med kringlyd. Dette kan me gjera på grunn av lydutstyret Fjærland ungdomslag har kjøpt inn. Lyden i kveld blir send ut frå to høgtalarar ved scena (høgre og venstre framme), to bak i salen (høgre og venstre bak), ein høgtalar midt framfor kinolereftet (senter) og to samankopla basshøgtalarar under scena. Viss du no teller etter, finn du ut at det i alt er fem lydkanalar pluss bass. Det er det me kallar 5.1, og det gjev lyd kring deg på alle kantar – difor namnet kringlyd.
Og hugs: god lyd er ikkje det same som høg lyd! Det går an å seia frå viss det er for høgt.