Viser arkivet for stikkord klimafyrtårn

Biorest, biogass og bondelagsmøte

Fjærland biogass var på årsmøtet i Fjærland bondelag i går, og informerte om kva eit metananlegg er, kva du kan få ut av det, og kva me har gjort her i Fjærland. Møtelyden kom med gode innspel. Me er på god veg no, og har tru på at det skal gå an å laga eit godt anlegg for biorest og biogass her i Fjærland. Viss me i bygdi vil, kan me få til særs nyttige og gode produkt spesielt for landbruket i Fjærland, og ikkje minst: verkeleg styrka Fjærland som klimafyrtårn på landsbasis. Gå til heimesida vår og les meir!