Viser arkivet for stikkord idrettslaget

Datoar for trimkarusell i haust

I haust blir trimkarusellen på torsdagar frå kl. 18-19.
21. august: (Vi tek att den økta som vart avlyst i vår…)
Hinderløype for dei yngste og bogeskyting for dei eldste. Oppmøte på idrettsbana.
28. august: Tur til Øyraflaten. Oppmøte ved ballbingen.
4. september: Sykkeldag. Møt med sykkel på idrettsbana.
11. september: Friidrett og avslutning på idrettsbana.

Jordalstrimmen 2014

Jordalstrimmen
Sundag 27. juli

Påmelding/start ved bilvegen i Jordal
Start trim (utan tidtaking): kl 11:45-12:15
Start m/tidtaking: kl 12:30
For å delta på tid, må du vera 12 år eller eldre (fødd 2002 eller før)

Mål på skuleplassen ved Fjærland skule
Traseen er om lag 8km kupert grus/asfaltveg.
Kiosksal på skuleplassen.

Startkontingent
Trim kr 50 (familie kr 150)
Tid kr 100 (ikkje familierabatt)

Premiering
Diplom til alle som fullfører for fyrste gongen (trim og tid)
Premie til alle som deltek på tid
Langtidspremiering kvart 5. år (trim og tid)

Vel møtt!
Fjærland idrettslag v/trimgruppa

Terminlista for trimgruppa

Her er terminlista for trimgruppa i idrettslaget for i år. Set gjerne av datoane!

Klikk for å lesa heile terminlista

Jordalstrimmen 2013

Det er ikkje lenge til den årfaste Jordalstrimmen no! Sundag 21. juli er datoen. Start i Jordal, kl. 11:45-12:15 for dei som gå for helsa si skuld, og kl 12:30 for dei som vil springa på tid. Mål på skuleplassen. Me blandar fantastisk saft, gjev diplom til alle som fullfører fyrste gongen, og framifrå premiar til dei som går på tid.