Viser arkivet for stikkord hjelpekorps

Innsamlingsaksjon for flaumofra i Pakistan

Norges Røde Kors arrangegrar i desse dagar ein storstilt innsamlingsakjson for dei flaumråka menneska i Pakistan. I Fjærland blir det gjennomført dør-til-dør-aksjon av Fjærland Røde Kors Hjelpekorps laurdag 4/9 og søndag 5/9!

Ha ei retteleg god helg!

Stein Roger B. Lidal, korpsleiar Fjærland RKH

Kurshelgar hausten 2009

INNBYDING TIL KURSHELGER HAUSTEN 2009

Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps har med dette gleda av å invitere til kurshelger på Skei og i Førde 18. – 20. september og i Førde 9.-11- oktober.

Dette vert ikkje ei ordinær storkurshelg. Distriktsstyret vedtok 11. august å utsetje hovuddelen av kursa til influensa A (H1N1) har passert utbrotstoppen. Grunngjevinga for dette, er at ei full storkurshelg vil auke smittepresset på svært mange frivillige samtidig. Dette vil vere uheldig for vår beredskapsevne, i ein haust då samfunnet i yste konsekvens kan trenge oss meir enn vanleg. Vi kjem tilbake med nye tidspunkt for dei utsette kursa.

Kursa i år blir: Stad

• A Psykisk Førstehjelp (for alle avd.) Skei 18.-20. sept
Dette kurset har 20 år som aldersgrense
• B Vidaregåande Førstehjelp 1.helg Førde 18.-20. sept
• B Vidaregåande Førstehjelp 2.helg Førde 09.-11. okt
• C Sminke markør Førde 09.-11. okt

Meir informasjon om kursa kan ein få ved å kontakta styret.

Bindane påmelding innan 25. august -09

Mikkel Olai tlf 97193881
Aamund ,, 90945764
Siv e-post siv-reinen@tele2.no