Viser arkivet for stikkord halv

Sal i bokbyen i morgon, og dikthelg neste helg

Gode fjærlendingar og folk som stikk innom: Gløym ikkje tilstellingane i bokbyen septemberhelgene. I morgon, og berre i morgon, er det haustsal i bokbyen, og ein strålande fin dag attpå. Hundretusenvis av bøker til halv pris. Og neste laurdag kan du læra å forstå dikt – det er nyttig kunnskap som vil gjera livet rikare. Ingen grunn til å lura på kva du skal gjera ein haustdag i september: gå i bokbyen.

Halv pris i bokbyen

Halv pris på alle vanlege bruktbøker, og halv pris på brus og is på Kaffistova! Dette er so bra at eg har vanskeleg for å få sagt det – møt opp laurdag 17. og sundag 18. september, so kan du handla billege bøker endå billegare. Les meir hjå bokbyen.

Hugs bokby-mammut neste sundag

Viss du enno ikkje har fått teke turen til bokbyen i år, er sundag 27. september eit godt høve. Då sel me alle bruktbøker under 200,- til halv pris! Her kan du skaffa gåver så du har til langt over nyttår, og det styggeleg billeg.

Mammutsal i bokbyen for fyrste gong!

Fjærland

Sundag 28. september prøver Den norske bokbyen i Fjærland seg på noko heilt nytt: Eit kjempesal, der tusenvis av bøker går ut til halv pris! Prisen på bruktbøkene i bokbyen er låg frå før, so denne dagen er det duka for mange røvarkjøp i bokbyen. I tillegg går mange gåveartiklar og suvenirar til godt under halv pris.
- Me har både bruk for å rydda or hyllene før sesongslutt, i tillegg til at me gjerne vil skapa litt blest om bokbyen, seier dagleg leiar Eivind Ødegård. Han meiner salet er ein triveleg gest til folk på vestlandet.
- Turistsesongen er på det meste over. Bokbyen har drift heile året, men me har sesongope til siste dagen i september. Salet er ein måte å få fastbuande til å oppdaga dette, seier Ødegård, som legg til at det blir opplesingar og andre hendingar utover sundagen. Han opplyser at alle vanlege bruktbøker går for halv pris, men dei dyraste er haldne unna salet. Bøker for opp til 200,- har med andre ord 50% rabatt.
- Her er det om å gjera å merka seg datoen – salet er berre sundag 28. september, og på denne dagen kan du få gjort unna gåvehandel for heile året, avsluttar Eivind Ødegård.

Meir utfyllande program kjem etterkvart på heimesida til bokbyen