Viser arkivet for stikkord frå

Terminliste for trimgruppa 2015

Ut frå asfalten:
Trimpostar plassert i turområda i Fjærland. Deltakarkonvolutt og klyppekort får ein kjøpt på butikken (Joker Fjærland)

Trimkarusell:
Trimaktivitetar for born og vaksne torsdagar kl. 18-19
Alle som deltek på minst 4 av 6 kveldar får premie. Deltakaravgift for alle kveldane samla er 50,- . Alle betaler første gong.

Datoar for trimkarusell:
28.mai: Tur til Geitskjelflaten. Oppmøte ved skiltet til posten
4.juni: Friidrett
11.juni: Ballaktivitet i ballbingen. Sommaravslutning med grilling for dei som vil. Ta med grillmat sjølv. (kl. 18-20 denne gongen)

20.august: Motbakkeløp i Horpedalen. Oppmøte ved kraftverket
27.august: Presisjonstrening med sykkel. Møt med sykkel på idrettsbana
3.september: Friidrett og avslutning på idrettsbana

Jordalstrimmen:
Den vert 26.juli. Sjå eige oppslag seinare.

Bading:
Sjå eige oppslag til hausten.

Fjærland idrettslag v/ trimgruppa

Kjell Inge, Arild, Arne, Gunvor og Lisbeth

Terminlista for trimgruppa

Her er terminlista for trimgruppa i idrettslaget for i år. Set gjerne av datoane!

Klikk for å lesa heile terminlista