Viser arkivet for stikkord fjærland

Musikkverkstaden er i gang att

Kvar onsdag no utover (utom kino-onsdagar) er det musikkverkstad på bygdahuset i Fjærland! Born på mellom- og ungdomssteget er hovudmålgruppa. Det er berre å bli med.

Jordalstrimmen 2015

Jordalstrimmen
Sundag 26. juli

Påmelding/start ved bilvegen i Jordal
Start trim (utan tidtaking): kl 12:45-13:15
Start m/tidtaking: kl 13:30
For å delta på tid, må du vera 12 år eller eldre (fødd 2003 eller før)

Mål på skuleplassen ved Fjærland skule
Traseen er om lag 8km kupert grus/asfaltveg.
Kiosksal på skuleplassen.

Startkontingent
Trim kr 50 (familie kr 150)
Tid kr 100 (ikkje familierabatt)

Premiering
Diplom til alle som fullfører for fyrste gongen (trim og tid)
Premie til alle som deltek på tid
Langtidspremiering kvart 5. år (trim og tid)

Vel møtt!
Fjærland idrettslag v/trimgruppa

Gløym ikkje: korkonsert og boknatt

Du hugsar vel kva helg det er? Nemleg, boknatthelg. Då kan du med det same skrive opp at Fjærland kammerkor har ein flott konsert på fredag, og at heile laurdagen er ei einaste storhending med boknatti på ferjekaien.

Terminliste for trimgruppa 2015

Ut frå asfalten:
Trimpostar plassert i turområda i Fjærland. Deltakarkonvolutt og klyppekort får ein kjøpt på butikken (Joker Fjærland)

Trimkarusell:
Trimaktivitetar for born og vaksne torsdagar kl. 18-19
Alle som deltek på minst 4 av 6 kveldar får premie. Deltakaravgift for alle kveldane samla er 50,- . Alle betaler første gong.

Datoar for trimkarusell:
28.mai: Tur til Geitskjelflaten. Oppmøte ved skiltet til posten
4.juni: Friidrett
11.juni: Ballaktivitet i ballbingen. Sommaravslutning med grilling for dei som vil. Ta med grillmat sjølv. (kl. 18-20 denne gongen)

20.august: Motbakkeløp i Horpedalen. Oppmøte ved kraftverket
27.august: Presisjonstrening med sykkel. Møt med sykkel på idrettsbana
3.september: Friidrett og avslutning på idrettsbana

Jordalstrimmen:
Den vert 26.juli. Sjå eige oppslag seinare.

Bading:
Sjå eige oppslag til hausten.

Fjærland idrettslag v/ trimgruppa

Kjell Inge, Arild, Arne, Gunvor og Lisbeth

Datoar for trimkarusell i haust

I haust blir trimkarusellen på torsdagar frå kl. 18-19.
21. august: (Vi tek att den økta som vart avlyst i vår…)
Hinderløype for dei yngste og bogeskyting for dei eldste. Oppmøte på idrettsbana.
28. august: Tur til Øyraflaten. Oppmøte ved ballbingen.
4. september: Sykkeldag. Møt med sykkel på idrettsbana.
11. september: Friidrett og avslutning på idrettsbana.

Jordalstrimmen 2014

Jordalstrimmen
Sundag 27. juli

Påmelding/start ved bilvegen i Jordal
Start trim (utan tidtaking): kl 11:45-12:15
Start m/tidtaking: kl 12:30
For å delta på tid, må du vera 12 år eller eldre (fødd 2002 eller før)

Mål på skuleplassen ved Fjærland skule
Traseen er om lag 8km kupert grus/asfaltveg.
Kiosksal på skuleplassen.

Startkontingent
Trim kr 50 (familie kr 150)
Tid kr 100 (ikkje familierabatt)

Premiering
Diplom til alle som fullfører for fyrste gongen (trim og tid)
Premie til alle som deltek på tid
Langtidspremiering kvart 5. år (trim og tid)

Vel møtt!
Fjærland idrettslag v/trimgruppa

Førstehjelpskurs

Vil du lære deg å redde liv?

Tirsdag 10. juni kl. 17:00 kommer vi til å organisere et 5-timers førstehjelpskurs hos Høyt & Lavt på Øygarden. Kurset er ganske omfattende og det vil bli delt ut en del materiell fra Røde Kors til alle deltakere.

Noe av det vi vil lære oss er (ikke uttømmende);

  • Hjerte- lungeredning
  • Brannskader
  • “Snekkerulykker”
  • Bruddskader
  • Kuldeskader

Ettersom vi ikke er så mange ansatte så har vi ca. 10 ledige plasser på kurset. Det er derfor mulig for intresserte til å melde seg på. Kurset er obligatorisk i en rekke arbeidsstillinger, og kan gi et godt fortrinn ved jobbsøking i tillegg til at man lærer seg livreddende førstehjelp i kritiske situasjoner.

Kurset koster en del, så vi må derfor ta en liten egenandel på kr. 800 per deltaker. Meld din interesse til meg eller André på tlf. 93235184 /91570101 eller e-post kontakt@brekick.no eller kom innom :)

Terminlista for trimgruppa

Her er terminlista for trimgruppa i idrettslaget for i år. Set gjerne av datoane!

Klikk for å lesa heile terminlista

Endeleg kaiarbeid...

Fjærland bygdautval har starta med dugnadsarbeid for å realisera planane for Mundal sentrum. Difor treng me dugnadshjelp til forskaling og jarnbinding veke 35 og 36. Seinare i haust vert det dugnad for å leggja bjelkelag og dekke.
Viss du ikkje har høve til å stille på dugnad, kan du gje ei pengegåve til prosjektet (Mundal sentrum ved Fjærland bygdautval). Det er alt kome melding om fleire både større og mindre gåver, alt vil
vera til hjelp for å få prosjektet i hamn.
For å melde deg på dugnad eller gje pengegåve, kontaktar du Hans I Haugen på tlf.
97003631 eller e-post:hans@horpedalkraft.no.
Du kan òg ta kontakt med Ingvar Supphellen, som vil vera på arbeidsplassen dei fleste dagane.

Fjærland bygdautval v/ Hans I Haugen

Jordalstrimmen 2013

Det er ikkje lenge til den årfaste Jordalstrimmen no! Sundag 21. juli er datoen. Start i Jordal, kl. 11:45-12:15 for dei som gå for helsa si skuld, og kl 12:30 for dei som vil springa på tid. Mål på skuleplassen. Me blandar fantastisk saft, gjev diplom til alle som fullfører fyrste gongen, og framifrå premiar til dei som går på tid.

Barnebokbyen opna i dag...

… og Sogn avis skriv om saka. Det er sant, kvart evig ord!
Gløym no heller ikkje å røysta på barnebokbyen kvar dag fram til fredag. Og gløym i alle fall ikkje boknatti 22. juni! Meld deg gjerne på som seljar om du har bøker til overs. Det blir ei fin boknatt – les berre programmet.

Vårens vakraste eventyr

Endeleg! SIMAS kjem til ferjekaien i Fjærland 28. mai mellom kl. 13 og 17 for å ta imot avfall. Me lyt betala for moroa, men her kan me i alle fall få kvitta oss med det me har rydda og samla opp gjennom vinteren. Hurra.

Terminliste for trimgruppa 2013

Ut frå asfalten:
Trimpostar plassert i turområda i Fjærland. Deltakarkonvolutt og klyppekort får ein kjøpt på butikken (Joker Fjærland)

Trimkarusell:
Trimaktivitetar for born og vaksne onsdagar kl. 18-19
Alle som deltek på minst 4 av 6 kveldar får premie. Deltakaravgift for alle kveldane samla er 50,-

Datoar for trimkarusell:
29.mai Friidrett
5.juni Friidrett
12.juni Friidrett
19.juni Felles tur til heimastølen i Mundalsdalen med grilling!

21.august Friidrett
28.august Friidrett
11.september Friidrett

Oppmøte på idrettsbana alle kveldar, bortsett frå 19.juni. Då møter vi ved skytebana og går derifrå.

Siste treningsdag (11. sept.) vert det premieutdeling kl .19

Jordalstrimmen:
Den vert 21.juli. Sjå eige oppslag seinare.

Bading:
Sjå eige oppslag til hausten.

Fjærland idrettslag v/ trimgruppa:
Iselin, Arild, Arne, Gunvor og Lisbeth

LOMMELYKTTUR!

Fjærland 4H arrangerer;

LOMMELYKTTUR

Det er på tide å få fart i romjula, og 4H har glede av å invitere alle som vil med på ein lommelykttur med ein morosam ordleik.

Oppmøte på Stølen torsdag 27/12 klokka. 17.00. Derifrå går me ei skogsløype og endar opp ein stad der det vil verta tent bål. Ein må sjølv syte for å ha med seg drikke, grillmat og evt.anna som måtte ønskjast.

Me håpar at mange er freista til og vere med – både store og små! à Så ta på gode klede og møt opp med ei lommelykt i handa! Me ser fram til ein triveleg romjulskveld!

Årsmøte i Fjærland bygdautval

Tid og stad: Bygdahuset, 13. november 2012 kl 20

Saksliste:
Orientering frå kandidatar frå høgskulen
11 grupper à 4-5 kandidatar har laga innspel til arealplandel Fjærland, som del av studiet sitt. Innspela er meint til inspirasjon og utgangspunkt for drøftingar. Høgskulen vil vere til stades heile tysdagen den 13. nov. og vise dei forskjellige løysingane for Fjærland.

Orientering frå bygdautvalet og bassenggruppa

Årsmelding
Rekneskap
Val

Kaffi og noko og bita i vert det òg, ca kl 21.15.

Saker ein ynskjer å få drøfta på årsmøte må vera bygdautvalet i hende innan måndag 5.11.12.

Sal i bokbyen i morgon, og dikthelg neste helg

Gode fjærlendingar og folk som stikk innom: Gløym ikkje tilstellingane i bokbyen septemberhelgene. I morgon, og berre i morgon, er det haustsal i bokbyen, og ein strålande fin dag attpå. Hundretusenvis av bøker til halv pris. Og neste laurdag kan du læra å forstå dikt – det er nyttig kunnskap som vil gjera livet rikare. Ingen grunn til å lura på kva du skal gjera ein haustdag i september: gå i bokbyen.

Seminar hjå Norsk Bremuseum fredag 10. august

Fredag 10. august held Norsk Bremuseum eit seminar om Prosjekt Tunsbergdalsbreen. Dette er eit prosjekt der unge menneske fêr på ekspedisjon og utførar målingar på den største brearmen frå Jostedalsbreen. På seminaret vert det fleire korte foredrag frå folk tilknytta prosjektet.

Les meir her!

Bygdamøte 29. august

Fjærland bygdautval kallar inn til bygdamøte onsdag 29. august kl. 20, på bygdahuset. Emnet er arealdelen av kommuneplanen. Det er viktig at bygdafolket kjem med innspel i tide, og bygdamøtet er eit bra høve. Ordførar Jarle Aarvoll kjem.

Massevis av konsertar i Fjærland i sumar

Polkabjørn & Kleine Heine, nrwy, Andrea Rice, visesong eller Plumbo? Du har fritt val i Fjærland i sumar – bygdi vår har eit stendig betre tilbod til konsertgjengarar; ei flott utescene, innescene og gode tilbod både når det gjeld mat, aktivitetar og overnatting. Bokbyen har oversikt over konsertane i sumar. (And yes, we have a list of all the concerts in Fjærland this summer in English too. Be there or be triangular!)

Kjenner du ein sogndøl som treng hjelp?

Ikkje fortvil! No har sogndøler endeleg høve til å koma seg til Boknatti og heimatt, enkelt og turrskodd. Bokbyen set nemleg opp buss laurdag 23. juni, frå skysstasjonen kl 15:30 med retur ved midnatt. Prisen er kr 150 t/r, og kr 500 for buss og middag på Fjærland fjordstove. Ting plass føreåt hjå bokbyen.

Boknatti 23. juni: Programmet er klart!

Eit stort, svært, omfattande, eksklusivt og spennande program ventar på Boknatti 23. juni 2012. Les meir hjå bokbyen, og møt opp!

Endeleg!

Takk til alle som røysta på bokbyen...

…til årets kulturide 2012. Utkantfestivalen, Åmot operagard og ikkje minst Jølster tangofestival (for ein gjeng!) fekk milde gåver frå Sparebankstiftinga. Det er hyggeleg at kulturen i fylket blir trekt fram på ei slik tilstelling, og hyggeleg for oss at bokbyen får fri mikrofon på radioen. Nok ein gong takk til alle dykk som har klikka dag og natt – det er for dykk me jobbar. Velkomne til ei flott boknatt 23. juni!