Viser arkivet for stikkord bygdautvalet

Årsmøte i Fjærland bygdautval

Tid og stad: Bygdahuset, 13. november 2012 kl 20

Saksliste:
Orientering frå kandidatar frå høgskulen
11 grupper à 4-5 kandidatar har laga innspel til arealplandel Fjærland, som del av studiet sitt. Innspela er meint til inspirasjon og utgangspunkt for drøftingar. Høgskulen vil vere til stades heile tysdagen den 13. nov. og vise dei forskjellige løysingane for Fjærland.

Orientering frå bygdautvalet og bassenggruppa

Årsmelding
Rekneskap
Val

Kaffi og noko og bita i vert det òg, ca kl 21.15.

Saker ein ynskjer å få drøfta på årsmøte må vera bygdautvalet i hende innan måndag 5.11.12.

Bygdamøte 29. august

Fjærland bygdautval kallar inn til bygdamøte onsdag 29. august kl. 20, på bygdahuset. Emnet er arealdelen av kommuneplanen. Det er viktig at bygdafolket kjem med innspel i tide, og bygdamøtet er eit bra høve. Ordførar Jarle Aarvoll kjem.

Motorsagkurs 19.-21. mars

Her er bilete frå kurs i rydding av vindfelt skog 6/1

Kurs i bruk og stell av motorsag vert halde 19., 20. og 21. mars i Fjærland. Kurset er på 14 timar og går over 2 dagar. Den 19. vert det stell av motorsag, avgrensa opp til 14 personar. På neste del, bruk av motorsaga, vert det opp til 7 personar kvar av dagane 20. og 21.
Kurset kostar kr 1400, og du får dekka mestedelen frå skogfondrenter. Kurset tilfredsstiller krava for dokomentert godkjenning.