Viser arkivet for stikkord bygdahuset

Musikkverkstaden er i gang att

Kvar onsdag no utover (utom kino-onsdagar) er det musikkverkstad på bygdahuset i Fjærland! Born på mellom- og ungdomssteget er hovudmålgruppa. Det er berre å bli med.

Massevis av konsertar i Fjærland i sumar

Polkabjørn & Kleine Heine, nrwy, Andrea Rice, visesong eller Plumbo? Du har fritt val i Fjærland i sumar – bygdi vår har eit stendig betre tilbod til konsertgjengarar; ei flott utescene, innescene og gode tilbod både når det gjeld mat, aktivitetar og overnatting. Bokbyen har oversikt over konsertane i sumar. (And yes, we have a list of all the concerts in Fjærland this summer in English too. Be there or be triangular!)

Hugs sjettedagsfesten på bygdahuset

Ungdomslaget fyller 125 år i år. Når me er like gamle som parlamentarismen, fortener det ein fest! Bygdahuset er staden, 30. desember kl. 19:30 er tidi. Matservering og eit spennande og spesielt program ventar dykk. Velkomne til familiefest!