Viser arkivet for stikkord boknatti

Barnebokbyen opna i dag...

… og Sogn avis skriv om saka. Det er sant, kvart evig ord!
Gløym no heller ikkje å røysta på barnebokbyen kvar dag fram til fredag. Og gløym i alle fall ikkje boknatti 22. juni! Meld deg gjerne på som seljar om du har bøker til overs. Det blir ei fin boknatt – les berre programmet.

Kjenner du ein sogndøl som treng hjelp?

Ikkje fortvil! No har sogndøler endeleg høve til å koma seg til Boknatti og heimatt, enkelt og turrskodd. Bokbyen set nemleg opp buss laurdag 23. juni, frå skysstasjonen kl 15:30 med retur ved midnatt. Prisen er kr 150 t/r, og kr 500 for buss og middag på Fjærland fjordstove. Ting plass føreåt hjå bokbyen.

Gratis bollar og saft til alle born som stiller opp i Jonsokbrurefylgjet.

No er brurefylgjet tilbake! Laurdag 23. juni (Jonsok) ynskjer me at flest mogleg born (personar under konfirmasjonsalder) deltek i brurefylgjet. Frå kl 15.00 kan ein møte opp utanfor Hotel Mundal. Hotellet spanderar saft og bollar på alle born under 15 år som stiller opp. Om lag kl. 15.55 stiller me oss fint opp og går til fergekaien med brureparet fyrst.
Alle born kom! Og spre ordet!

Boknatti 23. juni: Programmet er klart!

Eit stort, svært, omfattande, eksklusivt og spennande program ventar på Boknatti 23. juni 2012. Les meir hjå bokbyen, og møt opp!

Boknatti 2012: Namneslepp

Dette blir litt av ei boknatt! I mellomtidi må de ikkje gløyma å røysta på bokbyen eit par dagar til – på fredag blir det avgjort.

Boknatti årets kulturide? Du avgjer!

Boknatti i Fjærland er mellom finalistane til kåringa av årets kulturide i fylket. Den heilt spesielle miksen av gjenbruk, bokmarknad, heilt gratis litteratur og kultur minst på nasjonalt nivå, og dei beste omgjevnadene landet har å by på, gjer boknatti meir aktuell for kvart år. Men me må røysta for å vinna prisen på 100.000 kroner! Gå til NRK og spander eit klikk, ein gong kvar dag på kvar datamaskin du kjem borti, og be alle kjenningane dine gjera likeins!

Bokbyen planlegg 2012

Me planlegg 2012-sesongen i bokbyen, spesielt Boknatti 23. juni 2012. Me tek gjerne imot framlegg til forfattarar og emne. Kva synest du?

Boknatti 2011: Programmet er klart

Heavykatten, keisar Wilhelm, vaksne menn på ville vegar, mat og drikke; bøker, musikk, litteratur og forfattarar. Kom og sel bøker sjølv, og opplev programmet på boknatti 2011.

Vil du hjelpa til å blesta Boknatti?

No er det like før Boknatti! 19.-21. juni ventar store mengder litteratur og natur i Fjærland. Me i bokbyen blir glade om nokon kan hjelpa oss å blesta Boknatti, spesielt ved å lasta ned plakaten vår, skriva han ut og henga han opp. Vil du? So fint, takk!