Viser arkivet for stikkord bokbyen

Gløym ikkje: korkonsert og boknatt

Du hugsar vel kva helg det er? Nemleg, boknatthelg. Då kan du med det same skrive opp at Fjærland kammerkor har ein flott konsert på fredag, og at heile laurdagen er ei einaste storhending med boknatti på ferjekaien.

Barnebokbyen opna i dag...

… og Sogn avis skriv om saka. Det er sant, kvart evig ord!
Gløym no heller ikkje å røysta på barnebokbyen kvar dag fram til fredag. Og gløym i alle fall ikkje boknatti 22. juni! Meld deg gjerne på som seljar om du har bøker til overs. Det blir ei fin boknatt – les berre programmet.

Sal i bokbyen i morgon, og dikthelg neste helg

Gode fjærlendingar og folk som stikk innom: Gløym ikkje tilstellingane i bokbyen septemberhelgene. I morgon, og berre i morgon, er det haustsal i bokbyen, og ein strålande fin dag attpå. Hundretusenvis av bøker til halv pris. Og neste laurdag kan du læra å forstå dikt – det er nyttig kunnskap som vil gjera livet rikare. Ingen grunn til å lura på kva du skal gjera ein haustdag i september: gå i bokbyen.

Massevis av konsertar i Fjærland i sumar

Polkabjørn & Kleine Heine, nrwy, Andrea Rice, visesong eller Plumbo? Du har fritt val i Fjærland i sumar – bygdi vår har eit stendig betre tilbod til konsertgjengarar; ei flott utescene, innescene og gode tilbod både når det gjeld mat, aktivitetar og overnatting. Bokbyen har oversikt over konsertane i sumar. (And yes, we have a list of all the concerts in Fjærland this summer in English too. Be there or be triangular!)

Kjenner du ein sogndøl som treng hjelp?

Ikkje fortvil! No har sogndøler endeleg høve til å koma seg til Boknatti og heimatt, enkelt og turrskodd. Bokbyen set nemleg opp buss laurdag 23. juni, frå skysstasjonen kl 15:30 med retur ved midnatt. Prisen er kr 150 t/r, og kr 500 for buss og middag på Fjærland fjordstove. Ting plass føreåt hjå bokbyen.

Boknatti 23. juni: Programmet er klart!

Eit stort, svært, omfattande, eksklusivt og spennande program ventar på Boknatti 23. juni 2012. Les meir hjå bokbyen, og møt opp!

Takk til alle som røysta på bokbyen...

…til årets kulturide 2012. Utkantfestivalen, Åmot operagard og ikkje minst Jølster tangofestival (for ein gjeng!) fekk milde gåver frå Sparebankstiftinga. Det er hyggeleg at kulturen i fylket blir trekt fram på ei slik tilstelling, og hyggeleg for oss at bokbyen får fri mikrofon på radioen. Nok ein gong takk til alle dykk som har klikka dag og natt – det er for dykk me jobbar. Velkomne til ei flott boknatt 23. juni!

Boknatti 2012: Namneslepp

Dette blir litt av ei boknatt! I mellomtidi må de ikkje gløyma å røysta på bokbyen eit par dagar til – på fredag blir det avgjort.

Då bommen vart flytt

I morgon er det opning og konsert i bokbyen, som de alle saman absolutt må koma på (og venene dykkar òg), og i dag vart bommen flytt. Det er her det skjer!

Bokbyen opnar 28. april, programmet er klart. Hurra!

Ta-da! Bokbyen opnar laurdag 28. april, og programmet til opningshelgi er klart. Temaet er bygningar og landskap ute og inne. Konsert med Elin Furubotn i kyrkja laurdagskvelden (billettar på bokbyen.no), og ikkje minst: heile programmet er her. Å sæle stund! Gå no straks avstad og sprei ryktet, godtfolk!

Boknatti årets kulturide? Du avgjer!

Boknatti i Fjærland er mellom finalistane til kåringa av årets kulturide i fylket. Den heilt spesielle miksen av gjenbruk, bokmarknad, heilt gratis litteratur og kultur minst på nasjonalt nivå, og dei beste omgjevnadene landet har å by på, gjer boknatti meir aktuell for kvart år. Men me må røysta for å vinna prisen på 100.000 kroner! Gå til NRK og spander eit klikk, ein gong kvar dag på kvar datamaskin du kjem borti, og be alle kjenningane dine gjera likeins!

Bomstasjonen vert museum

For fjærlendingar er dette knappast ferske nyhende, men likevel: NRK Sogn og Fjordane, vår kjære lokalkringkastar, har ein fin artikkel om at bomstasjonen og telefonkiosken skal verta museum. Bokbyen og sogelaget skal laga eit mini-samferdslemuseum, vonleg til sumaren ein gong. Les meir hjå NRK S&F.

Bokbyen planlegg 2012

Me planlegg 2012-sesongen i bokbyen, spesielt Boknatti 23. juni 2012. Me tek gjerne imot framlegg til forfattarar og emne. Kva synest du?

Halv pris i bokbyen

Halv pris på alle vanlege bruktbøker, og halv pris på brus og is på Kaffistova! Dette er so bra at eg har vanskeleg for å få sagt det – møt opp laurdag 17. og sundag 18. september, so kan du handla billege bøker endå billegare. Les meir hjå bokbyen.

Boknatti 2011: Programmet er klart

Heavykatten, keisar Wilhelm, vaksne menn på ville vegar, mat og drikke; bøker, musikk, litteratur og forfattarar. Kom og sel bøker sjølv, og opplev programmet på boknatti 2011.

Pratar du italiensk? Bokbyen treng deg!

Pratar du italiensk og kjenner til bokbyen? Me treng deg! Radio24 er ein italiensk radiostasjon som vil ha eit intervju om bokbyen torsdag 8. april. Ta kontakt med bokbyen om du kan hjelpa til.

Bommen blir i bygdi

Bombui blir i Fjærland! Les meir hjå bokbyen, Sogn avis eller Firda. No er det om å gjera å få flytt bui og teke henne i bruk.

Bokbyen laurdagsopen 4. og 11. desember

Bokbyen er kåra som ein av dei mest spesielle gåvebutikkane i heile verda, og det er me verkeleg. Det er hjå oss du får gode gåver, til dømes når me held ope laurdagane 4. og 11. desember kl. 12-15. Og nettbutikken, med ein utvald del av dei 4 bok-kilometrane våre, er open dag og natt. Kjøp ikkje unyttig husafyll når du kan få den beste gåva hjå oss!

No opnar bokbyen

Slik ser det ut ein halvtime før butikkane opnar. Opphald akkurat no, god temperatur og ein svær, svær haug med bøker i Fjærland. Dette er vakkert, og finst ikkje andre stader enn akkurat her.

Programmet for Opningshelgi i bokbyen er klart

No er programmet for Opningshelgi klart! Opplev Ole Paus-konsert, eit rikt program omkring religion, og bugnande bokbutikkar i Fjærland. Les meir hjå bokbyen.

Gløym ikkje adventsmarknaden i bokbyen!

Tysdag 1. desember klokka 15-19 kan alle fjærlendingar og andre få alt dei treng av fine, tøffe og morosame gåver til langt over nyttår. Bokbyen oppmodar til å møta mann- og kvinnsterkt opp.

Hugs bokby-mammut neste sundag

Viss du enno ikkje har fått teke turen til bokbyen i år, er sundag 27. september eit godt høve. Då sel me alle bruktbøker under 200,- til halv pris! Her kan du skaffa gåver så du har til langt over nyttår, og det styggeleg billeg.

Bokbyen har fått ny heimeside

Bokbyen utviklar seg heile tidi, og no var det på tide med ny heimeside.
- Den nye heimesida er bygd over opi og gratis programvare, og gjer det lettare for oss å leggja ut bilete, anna multimedia og nyhende på fleire språk, seier dagleg leiar i Den norske bokbyen AS, Eivind Ødegård, som opplyser at nettbutikken fungerer som tidlegare.