Viser arkivet for stikkord bokby

Bokbyen opnar 28. april, programmet er klart. Hurra!

Ta-da! Bokbyen opnar laurdag 28. april, og programmet til opningshelgi er klart. Temaet er bygningar og landskap ute og inne. Konsert med Elin Furubotn i kyrkja laurdagskvelden (billettar på bokbyen.no), og ikkje minst: heile programmet er her. Å sæle stund! Gå no straks avstad og sprei ryktet, godtfolk!

Gløym ikkje adventsmarknaden i bokbyen!

Tysdag 1. desember klokka 15-19 kan alle fjærlendingar og andre få alt dei treng av fine, tøffe og morosame gåver til langt over nyttår. Bokbyen oppmodar til å møta mann- og kvinnsterkt opp.

Hugs bokby-mammut neste sundag

Viss du enno ikkje har fått teke turen til bokbyen i år, er sundag 27. september eit godt høve. Då sel me alle bruktbøker under 200,- til halv pris! Her kan du skaffa gåver så du har til langt over nyttår, og det styggeleg billeg.

Nydeleg vêr på boknatti

Til alle dykk som lurer på å koma til Fjærland for å vera med på Boknatti 2009, 20. juni: Her er vêret nydeleg. Soli skin, folk myldrar, og det er att mykje av det mangfaldige programmet, både laurdag og sundag.
Køyr bort frå regnet, kom til Fjærland!

Vil du hjelpa til å blesta Boknatti?

No er det like før Boknatti! 19.-21. juni ventar store mengder litteratur og natur i Fjærland. Me i bokbyen blir glade om nokon kan hjelpa oss å blesta Boknatti, spesielt ved å lasta ned plakaten vår, skriva han ut og henga han opp. Vil du? So fint, takk!

Bokbyen på NRK2 torsdag 23. april

23. april er den internasjonale bokdagen. Det markerte aktualitetsprorammet Sveip med eit innslag frå Den norske bokbyen i Fjærland. Hjå oss er det bokdag kvar einaste dag!
Du kan sjå innslaget på nettfjernsyn hjå NRK.

Mammutsal i bokbyen for fyrste gong!

Fjærland

Sundag 28. september prøver Den norske bokbyen i Fjærland seg på noko heilt nytt: Eit kjempesal, der tusenvis av bøker går ut til halv pris! Prisen på bruktbøkene i bokbyen er låg frå før, so denne dagen er det duka for mange røvarkjøp i bokbyen. I tillegg går mange gåveartiklar og suvenirar til godt under halv pris.
- Me har både bruk for å rydda or hyllene før sesongslutt, i tillegg til at me gjerne vil skapa litt blest om bokbyen, seier dagleg leiar Eivind Ødegård. Han meiner salet er ein triveleg gest til folk på vestlandet.
- Turistsesongen er på det meste over. Bokbyen har drift heile året, men me har sesongope til siste dagen i september. Salet er ein måte å få fastbuande til å oppdaga dette, seier Ødegård, som legg til at det blir opplesingar og andre hendingar utover sundagen. Han opplyser at alle vanlege bruktbøker går for halv pris, men dei dyraste er haldne unna salet. Bøker for opp til 200,- har med andre ord 50% rabatt.
- Her er det om å gjera å merka seg datoen – salet er berre sundag 28. september, og på denne dagen kan du få gjort unna gåvehandel for heile året, avsluttar Eivind Ødegård.

Meir utfyllande program kjem etterkvart på heimesida til bokbyen