Viser arkivet for stikkord bjørn

Stiller ut fjærlandsbamsen

Bjørn 15.06.08 045

Bamsen som vart skoten på breen i fjor, skal stillast ut i ei blodig utstilling.

Monicha Landøy er i full gang med utstopping av bjørnen og reknar med å ha bamsen klar til utstilling i løpet av nokre veker.

– Eg har byrja å jobba med skinnet og startar monteringa onsdag, seier Landøy til Sogn Avis.

Utradisjonell

Og montasjen blir utradisjonell i den forstand at bamsen skal liggja død i snøen, med blod og det heile. Det har gjort montasjearbeidet vanskeleg.

– Ja, eigentleg. Det blir litt spesielt. Det vanlege er at bjørnen står på to eller fire med open munn og synlege tenner. Ei anna utfordring er snøen, me skal laga ein sokkel som ein del av breen. Me skal også ha eit bilete av Fjærlandsbreen i bakgrunnen.

Utstillinga er også meint som ei motvekt til oppslaga om blodige sauer og andre husdyr som er drepne av bjørn.

– No er det ein blodig bjørn folk vil få sjå.

Bjørnen skal liggja slik at dei som besøkjer musea kan få ta på han og kjenna på pelsen. Kraniet skal også plasserast på ein monter som ein el av utstillinga.

Les meir på Sogn Avis sine nettsider

Ver budde på bjørnebesøk

Bjørn sett i Lom pinseaftan.

I pinsa vart ei søye drepen av bjørn på Brenna i Bøverdalen i Lom kommune. No åtvarar rovviltkontakten i Lom folk i Sogn og Fjordane.
– Vi reknar med at bjørnen trekkjer mot Sogn og Fjordane. Det er mest logisk at det er den retninga han tek, seier rovviltkontakt i Lom, Christian Vole til Firda.no
Det var ved midnatt pinseaftan at ein bonde skulle sjå til sauene sine. Der oppdaga han ein bjørn som var midt i eit herremåltid med å fortære ei søye han hadde drepe.
– Og då kan han fort finne på å svinge innom Sogn og Fjordane. Det er ikkje lange turen, seier Vole.
Han har gitt beskjed til fjelloppsyn i Luster, Einar Fortun.
Leis meir på firda.no