Viser arkivet for stikkord bøker

Sal i bokbyen i morgon, og dikthelg neste helg

Gode fjærlendingar og folk som stikk innom: Gløym ikkje tilstellingane i bokbyen septemberhelgene. I morgon, og berre i morgon, er det haustsal i bokbyen, og ein strålande fin dag attpå. Hundretusenvis av bøker til halv pris. Og neste laurdag kan du læra å forstå dikt – det er nyttig kunnskap som vil gjera livet rikare. Ingen grunn til å lura på kva du skal gjera ein haustdag i september: gå i bokbyen.

Boknatti 23. juni: Programmet er klart!

Eit stort, svært, omfattande, eksklusivt og spennande program ventar på Boknatti 23. juni 2012. Les meir hjå bokbyen, og møt opp!

Boknatti 2012: Namneslepp

Dette blir litt av ei boknatt! I mellomtidi må de ikkje gløyma å røysta på bokbyen eit par dagar til – på fredag blir det avgjort.

Bokbyen opnar 28. april, programmet er klart. Hurra!

Ta-da! Bokbyen opnar laurdag 28. april, og programmet til opningshelgi er klart. Temaet er bygningar og landskap ute og inne. Konsert med Elin Furubotn i kyrkja laurdagskvelden (billettar på bokbyen.no), og ikkje minst: heile programmet er her. Å sæle stund! Gå no straks avstad og sprei ryktet, godtfolk!

Boknatti årets kulturide? Du avgjer!

Boknatti i Fjærland er mellom finalistane til kåringa av årets kulturide i fylket. Den heilt spesielle miksen av gjenbruk, bokmarknad, heilt gratis litteratur og kultur minst på nasjonalt nivå, og dei beste omgjevnadene landet har å by på, gjer boknatti meir aktuell for kvart år. Men me må røysta for å vinna prisen på 100.000 kroner! Gå til NRK og spander eit klikk, ein gong kvar dag på kvar datamaskin du kjem borti, og be alle kjenningane dine gjera likeins!

Boknatti 2011: Programmet er klart

Heavykatten, keisar Wilhelm, vaksne menn på ville vegar, mat og drikke; bøker, musikk, litteratur og forfattarar. Kom og sel bøker sjølv, og opplev programmet på boknatti 2011.

Gløym ikkje adventsmarknaden i bokbyen!

Tysdag 1. desember klokka 15-19 kan alle fjærlendingar og andre få alt dei treng av fine, tøffe og morosame gåver til langt over nyttår. Bokbyen oppmodar til å møta mann- og kvinnsterkt opp.

Hugs bokby-mammut neste sundag

Viss du enno ikkje har fått teke turen til bokbyen i år, er sundag 27. september eit godt høve. Då sel me alle bruktbøker under 200,- til halv pris! Her kan du skaffa gåver så du har til langt over nyttår, og det styggeleg billeg.

Nydeleg vêr på boknatti

Til alle dykk som lurer på å koma til Fjærland for å vera med på Boknatti 2009, 20. juni: Her er vêret nydeleg. Soli skin, folk myldrar, og det er att mykje av det mangfaldige programmet, både laurdag og sundag.
Køyr bort frå regnet, kom til Fjærland!

Vil du hjelpa til å blesta Boknatti?

No er det like før Boknatti! 19.-21. juni ventar store mengder litteratur og natur i Fjærland. Me i bokbyen blir glade om nokon kan hjelpa oss å blesta Boknatti, spesielt ved å lasta ned plakaten vår, skriva han ut og henga han opp. Vil du? So fint, takk!

Bokbyen på NRK2 torsdag 23. april

23. april er den internasjonale bokdagen. Det markerte aktualitetsprorammet Sveip med eit innslag frå Den norske bokbyen i Fjærland. Hjå oss er det bokdag kvar einaste dag!
Du kan sjå innslaget på nettfjernsyn hjå NRK.

Hugs laurdagsope i bokbyen

Avslappande gåvehandel. Går noko slikt an? Ja! Kom til bokbyen laurdag 6. desember klokka 12-15. Og om du ikkje skal dit, kan du gjerne tipsa andre om å koma.

Mammutsal i bokbyen for fyrste gong!

Fjærland

Sundag 28. september prøver Den norske bokbyen i Fjærland seg på noko heilt nytt: Eit kjempesal, der tusenvis av bøker går ut til halv pris! Prisen på bruktbøkene i bokbyen er låg frå før, so denne dagen er det duka for mange røvarkjøp i bokbyen. I tillegg går mange gåveartiklar og suvenirar til godt under halv pris.
- Me har både bruk for å rydda or hyllene før sesongslutt, i tillegg til at me gjerne vil skapa litt blest om bokbyen, seier dagleg leiar Eivind Ødegård. Han meiner salet er ein triveleg gest til folk på vestlandet.
- Turistsesongen er på det meste over. Bokbyen har drift heile året, men me har sesongope til siste dagen i september. Salet er ein måte å få fastbuande til å oppdaga dette, seier Ødegård, som legg til at det blir opplesingar og andre hendingar utover sundagen. Han opplyser at alle vanlege bruktbøker går for halv pris, men dei dyraste er haldne unna salet. Bøker for opp til 200,- har med andre ord 50% rabatt.
- Her er det om å gjera å merka seg datoen – salet er berre sundag 28. september, og på denne dagen kan du få gjort unna gåvehandel for heile året, avsluttar Eivind Ødegård.

Meir utfyllande program kjem etterkvart på heimesida til bokbyen