Viser arkivet for stikkord 4h

Matskule for born på rundballefestivalen

Matskulen er for born frå 9 – 12 år (4. – 7. klasse). Her vil dei læra å laga enkle, sunne og smakfulle rettar basert på nære råvarer.

Les meir…

LOMMELYKTTUR!

Fjærland 4H arrangerer;

LOMMELYKTTUR

Det er på tide å få fart i romjula, og 4H har glede av å invitere alle som vil med på ein lommelykttur med ein morosam ordleik.

Oppmøte på Stølen torsdag 27/12 klokka. 17.00. Derifrå går me ei skogsløype og endar opp ein stad der det vil verta tent bål. Ein må sjølv syte for å ha med seg drikke, grillmat og evt.anna som måtte ønskjast.

Me håpar at mange er freista til og vere med – både store og små! à Så ta på gode klede og møt opp med ei lommelykt i handa! Me ser fram til ein triveleg romjulskveld!

BINGO!

Det vert bingo i gymsalen på Fjærland Skule, Laurdag 1 Oktober, klokka 15.00. Det vert og sal av kaffi og kaker. Inntektene går til 4H Noreg sitt jubileumsprosjekt Hand Of Hope.

Hand Of Hope= 4H Noreg fyller 75 år i år og i steden for å få ei gåve, vil vi gi ei gåve, og det er reint vatn til Sierra Leone, eit av verdas fatiigaste land.

Så ta med dykk ein ven og kom på bingo! :) Og spre ordet vidare.

Haustfest i Fjærland 4H

4H-vignett-farge

Sundag 19. oktober har Fjærland 4H haustfest på bygdahuset i Fjærland. Utstillingar av årets 4H-oppgåver, underhaldning og utlodning. Servering av rundstykker, kake og te/kaffi/brus.

Utstilingane opnar 13.30
Festen byrjar kl. 14.00

Vel møtt!

Sjå også kalendaren