Viser arkivet for juni, 2016

Boknatta 2016

PROGRAM BOKNATTA 24.-25.JUNI 2016
Bokbyen har 20 års-jubileum i 2016 og det skal feirast. Me lagar ein ny vri på Boknatta i år og flytter arrangementet til det nye torget inne i Mundal, midt i mellom Hotel Mundal og Fjærland Fjordstove Hotell. Mykje av kulturprogrammet vil gå føre seg inne på hotella, så ein kan varme seg litt i løpet av kvelden. Me opnar som vanleg marknaden kl.16. Bokbutikkane opnar kl.10 og held ope utover heile kvelden.

KVELDEN FØR BOKNATTA, FREDAG 24.JUNI
Kl. 21.30: Tove Bakke: Lorca. Pubkveld med spansk stemning på Fjordstova.

BOKNATTA, LAURDAG 25.JUNI
Kl. 13: Markering av 20-års jubileet til Bokbyen på Hotel Mundal. Kanapear og sprudlevatn. Talar og kåseri ved Ragnar Hovland, Arne Ivar Kjerland og Laura Kvamme.

Kl. 16: Opning av Boknatta ved Simone Stibbe. Bodane opnar.

Kl. 17: Reiser og relasjonar: Litterær samtale med Hilde Kvalvaag og Brynjulf Jung Tjønn. Møt to forfattarar som på finaste vis skildrar oss så nært ein kan komme. Med reisa som motiv og relasjonane som tema skriv dei begge slik at det angår lesaren, om lengselsen etter å høyre til og bli elska, om frykta for tap og einsemd. Men alltid med håpet som drivkraft. Begge har vunne Brageprisen og dei skriv både for barn og vaksne. Begge er inspirerte av musikk og inviterer publikum til å lytte til lydspor frå skrivinga undervegs i samtalen som vert leia av Janne Karin Støylen. Hotel Mundal.

Kl. 18: Barneprogram på torget i Mundal: Klare sjøl. Matlaging i det fri med Ann Iren Ulvedal, Anne Britt Sårheim og Reidunn Otterdal etter oppskriftar frå boka, Klare sjøl.

Kl. 19: Ove Røsbak og Henning Sommerro. Dei to har samarbeida sidan tidleg på 80-tallet. Dei har skrive fleire sanger saman og i 2004 vart CD’en «Himmelhaik» utgjeve, der Røsbak les og synger og Sommerro står for musikken saman med saksofonisten John Pål Inderberg. Sommerro og Røsbak har ein ellevill og laussluppen stil på scena, bygd på improvisasjon og glimt i auget. Stemningane skifter med lynets hastigheit, og kan plutseleg gli over i både vemodig lyrisk og frodig vakkert. Røsbak vil i Bokbyen Fjærland lese og synge ting av Børli, Prøysen og seg sjøl, og Henning Sommerro vil framføre songer av Hyldbakk, Hoem og Røsbak som han sjølv har tonesett. Fjærland kyrkje.

Kl. 20.30: Johs. B. Thue: Fortel frå ny bok, Gryta i fjorden – Om heimefiske og ulike fiskerettar i fjordane våre. Fjærland Fjordstove Hotell.

Kl. 22: Konsert: Billa and the Kid

TORGSTEMNING MED FRIDTJOV URDAL, EIVIND ØDEGÅRD M.FL. I LØPET AV KVELDEN.

Sal av mat og drikke på torget og Kaffistova. Alle arrangementa er opne for alle.

VELKOMEN TIL BOKMARKNAD OG FOLKELIV!
For tinging av salsbod ring tlf.57692210 eller post@bokbyen.no.

Oppdagingsferd

Sundag19. juni skal Kjell Magne Hillestad og Tor Inge Romøren opp i dalen ovafor Romøyri for å “leita” etter gamle hustufter/kulturminne. “Leiteområdet” er i området frå Svingen og oppover til Øvre Rommedal.

Kjell Magne har tidlegare funne og dokumentert fleire over tusen år gamle hustufter rundt omkring i kommunen. Tor Inge er “lokalhistorikar”, godt kjend i dalen og guide på turen.

Området her er i fylgje Kjell Magne typisk for tidleg busetnad.
Han har god tru på at her finnst spor etter gammal menneskeleg aktivitet.

Turen er open for alle som ynskjer vera med.

Båt frå Jordal til Romøyri. Avreise frå Jordal kl. 09:00.

Påmelding og fleire opplysningar til/frå Endre Distad, tlf. 952 69 217, innan 17. juni.

Fjærland sogelag

4H-fylkesleir i Fjærland 30. juni -3. juli

No er påmeldinga lukka og den syner at omlag 250 4H-arar og 40 4H-aspirantar har meldt seg på. Mange av verksemdene, laga og til og med privatpersonar i bygda, har sagt seg villige til å hjelpe til på ulikt vis, då særskilt med aktivitetar for leirdeltakarane laurdag formiddag og under open leir på laurdag ettermiddag. Men endå treng me mykje hjelp for å få avvikla leiren på ein god måte. Under har eg prøvd å skissere kva dugnadsoppdrag me treng hjelp til. Kan du stille på ein eller fleire av desse oppdraga, vert me svært glade. Gi tilbakemelding på mob. 95054306. Tysdag 14.06. kl 20.00 vert det orienteringsmøte på skulen for alle som skal hjelpe til på ein eller annan måte.

Les meir…