Viser arkivet for mai, 2016

Servicebygget i Mundal sentrum

Som de kanskje veit kjem det eit servicebygg i Mundal sentrum. Her skal det vere tre informasjonstavler med informasjon om bygda.
Vi har ei utsmykkingsnemd som jobbar med dette. Dei ynskjer tilbakemeldingar om det er nokon som har innspel til kva som bør stå på tavlene.
Her skal vere info om for eksempel næringsliv, historie og natur.
Har de nokre bra bileter som kan brukast, så er dette av interesse for utsmykkingsnemda. Det gjeld bileter frå for eksempel dagleglivet og høgtid/arrangement.
Innspel eller bileter kan sendast til Audun Olav Eidsnes på audunoe@online.no eller kontakt han på tlf 41479072

Flagging fredag 3.juni

I samband med at H.K.H. Kronprins
Haakon kjem til bygda på fredag vil bygdautvalet oppfordre alle til å flagge den dagen! Spre gjerne ordet! 😊

NORSK BREMUSEUMS 25-ÅRS JUBILEUM

H.K.H. Kronprins Haakon deltek på 25-års jubileum ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten 3. juni.

I samband med 25-års jubileet blir det stor fest i Fjærland: Kronprinsen blir med oss heile dagen og det blir rikeleg med underhaldning, taler, servering og overraskingar i Noregs kanskje vakraste brebygd.

Les meir her!

Trimkarusellen

Vi startar opp trimkarusellen kl.18 på desse datoane:

Torsdag 26 .mai: Geiskjellflaten. Oppmøte ved startskiltet.
Torsdag 2. juni: Friidrett på idrettsbana.
Torsdag 9 .juni: Sykling med hinder på idrettsbana. Avslutning. Idrettslaget ordnar med enkel servering.
Torsdag 25. august: Friidrett på idrettsbana.
Torsdag 1. september: Motbakkeløp i Horpedalen.
Torsdag 8. september: Ballaktivitet i ballbingen. Avslutning med premieutdeling.

Kr. 50,- pr. barn. Ein må delta minimum 4 gonger for å få premie.

Fyrste varsel om 25-års jubileum for Norsk Bremuseum

Stor Jubileumsfest fredag 3. juni

H.K.H. Kronprinsen skal feire med oss og det blir underhaldning, servering, talar og gratis inngang til museet.

Les meir her!

Orgelkonsert i Fjærland kyrkje sundag 8.mai kl.20

Orgelet i Fjærland kyrkje har 40- års jubileum i 2016 og vil markerast ved fleire høve. Hallgeir Øgaard Westli framfører musikk av Johann Sebastian Bach, Dietrich Buxtehude, Arvo Pärt, Herbert Howells med fleire.

Velkommen!
Gratis inngang.