Viser arkivet for april, 2016

Sosialt samvere og premietudeling i ballbingen onsdag 4. mai frå 19.00

Fjærland 4H og Fjærland idrettslag ynskjer alle velkomne til klargjering av volleyballbanene og ballbingen for ein ny sommar. I år er det ikkje så mykje som skal til før området blir flott, så om mange møter opp går ryddinga fort og me kan kose oss med ballspel og andre aktivitetar. Det vert og utdeling av premier frå skikarrusellen.

Les meir…

Bokbyen opnar sundag 1.mai kl.10-16

I år er Bokbyen 20 år og på opningsdagen gir me 20% på meir enn 20.000 bøker! Bok-kafeen, Fjordstova og Hotel Mundal held ope.
Velkomen!

Feltskyting 1. mai

Det tradisjonelle lagsmeistarskapet i feltskyting for alle klassar vert skipa til i området ved skytebana i Mundal 1.mai frå klokka 12.30.

Innskot:
Klasse 1 – 5: 100,- kr
Rekrutt, eldre rekrutt, junior og veteran: 60,- kr

Vanleg premiering.
Ny vandrepokal er sett opp.

For Fjærland skyttarlag,
nemndi

Breiband i Fjærland

Sogndal kommune har lagt ut høyring om breiband i Fjærland. Høyringsfristen er 4.mai!

Sogndal Kommune vil søkje om statlig tilskot til utbygging av breiband. Kommunen vil i år søke for området Fjærland.
Krav til søknaden er at planen for utbygging skal vera lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. Bedrifter og innbyggjarar som ynskjer å uttale seg må gjera dette innan 4.mai 2016.

Gå inn på Sogndal kommune si heime side for meir informasjon:
Høyring om breiband i Fjærland

Fjærland bygdeutval

Bygdautvalet

Her er referat frå styremøte i bygdeutvalet, med konstituering og referat frå årsmøtet.

Styremøte i Fjærland bygdautval

Fjærland BU har hatt styremøte, der vi konstituerte oss.
Styre i bygdautvalet betår av:
Leiar: Hans Haugen
Nestleiar: Kjell Erling Mundal
Skrivar: Randi Finne
Medieansvarlig: Jorunn Marie Bøyum Halland
Næringskontakt: Anne Reidun Sørensen
Vara: Inge Rauboti

Bygdautvalet vil bruke Fjærlandsnytt og origo som informasjonskjelder ut til bygda, og vil oppfordre andre lag og organisasjonar om å gjere også.

Har de saker de ynskjer at bygdautvalet skal ta opp, så ta kontakt med ein av oss i styre.

Referat frå Årsmøte i Fjærland bygdalag 29.februar 2016

Stad: Bygdahuset
Tal frammøtte: 22

Sak 1 Innkalling
Innkallinga godkjend

Sak 2 Saklista
Saklista godkjend

Sak 3 Val av møteleiar, referent og to til å skrive under årsmøteprotokollen
Møteleiar: Terje Mundal
Referent: Randi Finne
Underskrive protokollen: Hanne Haugen og Jo Marius Bøyum

Sak 4 Bratt Moro v/Torgeir Skålid
Torgeir Skålid er dagleg leiar for Bratt Moro i Sogndal, og var invitert av Bygdautvalet for å inspirere oss og fortelje om arbeidet med Fjellsportfestivalen og Bratt Moro.

Han fortalte litt om korleis dei har jobba og kva som har vert gode faktorar for at dei er komne der dei er i dag.

Noko av det han påpeika var:
Suksessfaktorar dette har gitt for Bratt Moro:
- Samle mange miljø i bygda
- Skaffe engasjerte sponsorar (klare på at ein treng mykje pengar)
- Omfattande framsnakking
- Medieeksponering (lokalt, nasjonalt og internasjonalt)
Mål som dei har hatt: Utnytte lokale kvalitetar

Eit punkt han snakka om var, kva med Fjærland?
- Bruk dei lokale kvalitetane
- Ver stolte av det vi har
- Ikkje kopiere andre, men bli gjerne inspirert
- Tenk store tankar
- Spel på det lokale
- Ta imot det nye med opne armar

Etter innleiinga, der det òg vart vist nokre filminnslag frå lokal aktivitet og lokalt utviklingsarbeid, var ordet fritt.
Her vart det tatt opp fleire tema, blant anna korleis Fjærland kan få glede av vinterturismen i Fjærland og kva ressursar har vi som vi kan nytte oss av (t.d. breane)
Det blei av innleiar understreka at fjærlendingane sjølve må vere motor, men ein kan få andre, både i Fjærland, Sogndal kommune og drivkrefter i Sogndal til å støtte og spele på lag.

Sak 5. Årsmelding
Årsmeldinga vart lesen opp.
Årsmøtet godkjende årsmeldinga med fylgjande merknad:
Fleire på årsmøtet tek til orde for at Skinnskovegen må ryddast så godt at den ikkje må stengjast om vinteren.

Sak 6. Rekneskapen
Laura Kvamme (rekneskapsførar) gjekk gjennom rekneskapen.
Rekneskapen godkjend utan merknader.

Sak 7. Val
Leiar i valnemnda, Eivind Ødegård, styrte valet. Årsmøtet blei minna om at ein har høve til å kome med benkeframlegg og/eller krevje hemmeleg avstemming. Etter dette vart valet gjennomført, og kandidatane som valnemnda hadde innstilt vart valde med akklamasjon.

Leiar i Bygdautvalet: Hans Haugen (vald for eitt år)
Medlemmar i Bygdautvalet: Jorunn Marie Bøyum Halland (ny – vald for to år)
Anne Reidun Sørensen (ny – vald for to år)
Kjell Erling Mundal (ikkje på val)
Randi Finne (ikkje på val)
Vara: Inge Rauboti (vald for eitt år)

Valnemnd: Nils Distad (leiar – ikkje på val)
Maria Langhelle (ikkje på val)
Terje Mundal (ny – vald for tre år)

Revisorar: Hanne Haugen (attval – vald for eitt år)
Gunn Øygard (attval – vald for eitt år)

Sak 8. Innkomne saker
Det var tre innkomne saker. To som gjeld krysset ved riksvegen (Stølen og Skeisbrui) og ei om området rundt Mekken. Bygdautvalet jobbar vidare med desse sakene.

Sak 9. Orientering v/Terje Høisæther om arbeidet med Torget i Mundal
Planen er å få til to store informasjonstavler. Ei tavle skal informere om attraksjonar/tilbod for besøkande. Den andre tavla tenkjer ein kan ha kulturhistoriske tema som kan skiftast ut med nokre års mellomrom. Terje ynskjer seg ei nemnd som kan arbeide med innhald på sistnemnde tavle.

Årsmøtet kom med fylgjande framlegg til arbeidsgruppe: Terje Høisæther + ein representant frå Sogelaget + noverande utsmykkingsnemnd for Mundal (Marianne Supphellen, Anne Mundal Skjelten og Audun Eidsnes). Ein tok atterhald om at medlemmane i utsmykkingsnemnda ikkje er spurte. Dette vil bygdautvale gjere snarast. (Dei er positive til den nye utfordringa).

bygdeutvalet

Kronprins Haakon vitjar Sogn

3. juni i år kjem H.K.H. Kronprins Haakon til Fjærland for å vere til stades under markeringa av 25-årsjubileet til Norsk Bremuseum.

Fylkesmannen vil i samarbeid med Slottet, Norsk Bremuseum og Sogndal kommune utarbeide eit eige program for besøket, og kjem tilbake med meir informasjon for presse og publikum.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane