Viser arkivet for januar, 2016

Årsmøte Fjærland Idrettslag 2016

Det vert årsmøte i Fjærland Idrettslag mandag 22.02.16 kl. 20.30 i Vetlesalen på Skarestad.

Årsmøtesaker:
• Årsmeldingar
• Rekneskap
• Val
• Innkomne saker

Saker som skal handsamast på årsmøtet må leverast skriftleg til leiar Stein Roar Haugen innan mandag 15.02.16.

Det vert enkel servering.

Vel møtt!
Styret

4H sine aktivitetar 2016

4H sine aktivitetar i eiga bygd, er no lagde til i kalendaren. I år har Fjærand 4H teke på seg å vera vertskap for fylkesleiren

Les meir…

Aktivitetar i Fjærland ungdomslag våren 2016

Aktivitetar i Fjærland ungdomslag våren 2016

Onsdag 13. januar: Musikkverkstad

Onsdag 20. januar: Kino

Fredag 22. januar: Klubb 20.00 -22.00

Onsdag 27. januar: Musikkverkstad

Onsdag 03. februar: Musikkverkstad

Fredag 05. februar: Karneval. Aldersgrensa Bjørnungane frå klokka 19.00 til 21.00, etter det og fram til klokka 23.00 er det ope for alle frå mellomtrinnet og oppover. Klokka 19.30 vert det servert bollar og krem. Leikar og premiering.

Onsdag 10. februar: Musikkverkstad

Onsdag 24. februar: Kino (Ei veka forseinka grunna HV-øving)

Fredag 26. februar: Klubb 20.00 -22.00

Fredag 26. februar: Kven Veit. Juniorane tevlar på klubblokalet klokka 19.00, medan seniorane tevlar i storesalen og vetlesalen klokka 20.00.

Fredag 26. februar: Årsmøte i Fjærland ungdomslag klokka 21.00. Vanlege årsmøtesaker.

Onsdag 02. mars: Musikkverkstad

Onsdag 09. mars: Musikkverkstad

Onsdag 16. mars: Kino

Fredag 18. mars: Klubb 20.00 -22.00

Fredag 18. mars: Kven Veit. Juniorane tevlar på klubblokalet klokka 19.00, medan seniorane tevlar i storesalen og vetlesalen klokka 20.00.

Onsdag 30. mars: Musikkverkstad

Onsdag 06. april: Musikkverkstad

Fredag 08. april: Klubb 20.00 -22.00

Fredag 08. april: Kven Veit. Juniorane tevlar på klubblokalet klokka 19.00, medan seniorane tevlar i storesalen og vetlesalen klokka 20.00.

Onsdag 13. april: Kino

Onsdag 20. april: Musikkverkstad

Onsdag 27. april: Musikkverkstad

Fredag 29. april: Klubb. 20.00 -22.00 Sesongavslutning, litt mat og anna.

Onsdag 04. mai: Musikkverkstad

Onsdag 11. mai: Kino

Onsdag 18. mai: Musikkverkstad

Onsdag 25. mai: Musikkverkstad

Onsdag 01. juni: Musikkverkstad, sesongavslutning.

Onsdag 08. juni: Kino

Ekstra skytetreningskveld for ungane

Då det er mange som deltek på skytingi for ungane på tysdagane, og nokre som ikkje kan vera med dei dagane grunna andre aktivitetar, vil me no også tilby trening for ungane på annankvar onsdag i tillegg til kvar tysdag som før. Kjell Erling Mundal vil stå for opplæringi på onsdagane, medan Olav Mundal held fram kvar tysdag som før.

Fyrste treningskvelden på onsdag vert 13. januar. Deretter vert det som sagt annankvar onsdag, 27. januar, 10. feb., 24. feb., osb.

Både treningane på tysdagar og onsdagar startar klokka 19.00. Ein kan låna våpen hjå skyttarlaget om ein ikkje har tilgong på det sjølv. Aldersgrensa er 10 år.

Me vonar dette gjer at alle som har lyst no får høve til vera med på ein spanande aktivitet.

Skyttarlaget

Barnetrimmen

Da var en lang juleferie over og barnetrimmen starter opp igjen 13 januar!

Vi trener i gymsalen på skolen onsdager kl 1730-1830. Det er ikke trening på kinodager, eller i vinter- og påskeferien. Her blir det varierte aktiviteter, mye lek, trim og moro.

I år er tilbudet bare for “Bjørnungar” og elever i småskolen, elever fra mellomtrinnet og oppover er velkommen på “Styrketrening for alle” på torsdager!!

Moroa koster 100 kr i året!

Vel møtt!
Sprek hilsen fra Gunn, Åshild, Anne og Marianne

Styrketrening for alle

Da var jula vel overstått og vi starter opp igjen med styrketrening inne i gymsalen. Treninga passer for ALLE, damer og menn, jenter og gutter, fra mellomtrinnet til pensjonister!
Vi organiserer og motiverer, du konkurrerer bare mot deg selv!

Lurer du på om dette er noe for deg så anbefaler vi deg å prøve! Ta med en venn og kom på trening, torsdager kl 2015-2130.
Billig investering i helsa er det også, 100 kr i året for mellomtrinn/ungdomskole, 200 for videregående til pensjonist.

FØLG MEDFACEBOOK «Trening i Fjærland», eller kontakt oss på mobil hvis det er noe dere lurer på.

Sprek hilsen fra Sølvi og Marianne

Kven veit? 2016

Fjærland ungdomslag vart nr 3 i Kven Veit? Junior 2015. Då vert det pizzafeiring.

Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får testa allmennkunnskapane sine, og me har to klassar: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spyrsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. I 2016 er temaet Ungdom i 100! i samband med at medlemsbladet Ungdom har årgang nr. 100 dette året.

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lesa artiklar knytt til tema. Noregs ungdomslag forsøkjer å laga eit studiehefte som både er morosamt og lærerikt å lesa.

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar tevlingslaga på spørsmål henta dels frå tema og dels frå allmennkunnskap.

Tevlingsgrupper
Kvart deltakarlag kan stille med fleire grupper, men gruppene må ha dei same deltakarane gjennom heile tevlinga. Gruppene i Kven Veit? kan ha inntil 5 deltakarar. I Junior Kven Veit? er det ikkje noko øvre grense på tal deltakarar i tevlingsgruppene. Junior Kven Veit? er tilpassa alderssamansette grupper. 


Vinnarane.
Det beste laget samanlagt etter dei tre tevlingsrundene vert kåra som vinnar av Kven Veit. Vinnarlaget får ein vandrepremie. I tillegg får dei tre beste lag pengepremar. Vinnarlaget får 2000 kroner, andreplass får kr 1000, og tredjeplass får kr 500. Alle dei 10 neste laga får også diplom. Resultatlistene vert kunngjort på e-post og www.ungdomslag.no etter kvar tevlingsrunde.

VIKTIGE DATOAR:
• 10. januar: Påmeldingsfrist for laga
• Veke 8: 1. tevlingsveke
• Veke 11: 2. tevlingsveke
• Veke 14: 3. tevlingsveke
15. april: Kåring av vinnar

Påmelding til leiar innan den 10. januar, storeknut@online.no eller tekstmelding til 913 96 244.