Viser arkivet for oktober, 2016

Fjærland Origo blir lagt ned

Frå kl 2359 i kveld 31.10.2016 blir det ikkje nye oppdateringar på origo.
Men alt som ligg her vil bli værande som eit arkiv.

Einaste elektroniske info-tavla vi har no er på Facebook. Men om det skal lagast nye alternativ blir diskutert på bygdamøte 08/11-2016 kl 20.

Viss du er på Facebook kan du søke opp gruppa “Fjærland 2016”. Det vært det lagt ut informasjon om kva som skjer.

ungdomslaget har også ei altiv side på facebook. Denne gruppa heiter “fjærland ungdomslag”

Vil du lese meir om kvifor origo blei lagt ned så følg denne linken: http://vaktmesterkontoret.origo.no/-/bulletin/show/867726_vi-pensjonerer-naa-origo-no?ref=checkpoint

Bygdamøte!

Me vil med dette invitere til bygdamøte tysdag 8.november kl. 20.00 på Skarstad.

Saker:
-Nedlegging av bygderuta?
-Stiprosjekt
-Privatisering av nokre kommunale vegar
-Informasjonskanalar i Fjærland (origo vert lagd ned)
-Møteplass på dagtid for bønder (og andre)

-Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (denne skal opp til revidering, så her kan det vere mogleg å få kommunen med på å tilrettelegge for aktivitetar og prosjekt. Er det noko vi ynskjer eller treng?)

Enkel servering

Mvh
Fjærland bydautval

Gratulerer med flott klatrepark!

Fjærland bygdautval vil ynskja skulen til lykke med flott klatrepark!
Kjempe kjekt og bra at vi har fått den i bygda😊