Viser arkivet for september, 2015

Årsmøte i Fjærland bondelag

Det vert årsmøte i Fjærland bondelag tysdag 27. oktober klokka 20.00 i bygdahuset på Skarestad. 1. vara i fylkesstyret Marianne Kvalvik Kvamme, vil vera med på møtet, og ha eit innlegg. Elles vert det vanlege årsmøtesaker. Dersom du har ei sak du ynskjer å ta opp må den vera styret i hende innan 18. oktober.

Når det kjem til servering har eg berre eit spyrsmål. Var du på årsmøtet i fjor? Hugsar du dei utruleg gode hamburgarane me hadde då? Du gjer det, ja? Vel, då kan eg fortelja deg at sjølv om det viktigaste med eit årsmøte er sakene, så har Anne Reidun lova å laga ein mettande varmrett til oss i år og. At det vert godt seier seg sjølv.

Eg berre nemner det, vel møtt.

Viktig melding frå Jon Ove!

FREDAG 23 OKTOBER KL 20:30 (kvelden før smalahovefesten) er det EKSKLUSIV FØRPREMERE på filmen HEVN (tidl “Dukken i taket”).
Filmen er som kjend spela inn i Fjærland og på Mundal Hotel og er et samarbeid mellom FUL og Bygdekinoen på Bygdahuset.
Vi har 100 billetter å selge – kan vere lurt å vere tidleg ute…
Salg av billetter skjer i først omgang tre datoer og berre då:
Fredag 25 Sept 20-22 på Bygdahuset
Laurdag 26 Sept 11-12 i Mundal.
Onsdag 30 Sept 15-16 i Mundal.
Prisen er 100.- pr billett, kun kontant…
HÅPER Å SJÅ ALLE FJÆRLENDINGAR PÅ FØRPREMIERA!

Det nye soknerådet i Fjærland

14. september var det val til soknerådet. Valdeltakinga var på 59 %, noko som må reknast som svært god. Mange hadde nytta retten sin til å gi tilleggsrøyst, så litt endringar på rekkefølgja i høve lista vart det.

Desse vart valde:

Barnetrimmen

Barnetrimmen starter opp igjen 23 september!

Vi trener i gymsalen på skolen onsdager kl 1730-1830. Det er ikke trening på kinodager, eller i høstferien. Her blir det varierte aktiviteter, mye lek, trim og moro.

I år er tilbudet bare for “Bjørnungar” og elever i småskolen, elever fra mellomtrinnet og oppover er velkommen på “Styrketrening for alle” på torsdager!!

Vel møtt!
Sprek hilsen fra Gunn, Åshild, Anne og Marianne

Styrketrening for alle

Høsten er her og vi starter opp igjen med styrketrening inne i gymsalen. Treninga passer for ALLE, damer og menn, jenter og gutter, fra mellomtrinnet til pensjonister!
Vi organiserer og motiverer, du konkurrerer bare mot deg selv!

Lurer du på om dette er noe for deg så anbefaler vi deg å prøve! Ta med en venn og kom på trening, torsdager kl 2015-2130.

FØLG MEDFACEBOOK «Trening i Fjærland», eller kontakt oss på mobil hvis det er noe dere lurer på.

Sprek hilsen fra Sølvi og Marianne

Aktivitetar i Fjærland ungdomslag hausten 2015

“I bygdi – for bygdi.”

Dette noko svulstige slagordet forsøkjer å seia noko om kva Fjærland ungdomslag ynskjer å få til. Me er nok ikkje det besta lokallaget innan ungdomslagsrørsla på dei tradisjonelle arbeidsområdi som bunadshandverk, tradisjonsdans eller folkeopplysning. Sjølv om me gjerne legg til rette for dette om det er ynskje om det.

Det me derimot vonar å vera, er eit lag som kan skapa aktivitet i bygdi, slik at det vert spanande og hugnadsfyllt å bu her. Me ynskjer å ha aktivitetar som utfyller dei andre lagi, og som born, ungdom og vaksne ynskjer å vera med på. Ting som utviklar, og ting som berre er kjekt å vera med på.

Me vonar at dei tingi me har planlagt for hausten vil treffa denne målsetjingi. Er det noko du saknar, så ta gjerne kontakt. Kan henda me kan få det til?

Dag og dato aktivitet/stad/klokkeslett/anna
Onsdag 09. sep. musikkverkstad, Skarestad 17.30 – 19.00
Fredag 11. sep. klubbkveld, Skarestad 20.00 -22.00. Frå 5. klasse.
Onsdag 16. sep. kino
Onsdag 23. sep. musikkverkstad, Skarestad 17.30 – 19.00

Fredag 25. sep. klubbkveld, Skarestad 20.00 -22.00. Frå 5. klasse.
Helgi frå 25. sep. smalahovesviing, Sva. Kom og ver med å hjelpa til.
Onsdag 30. sep. musikkverkstad, Skarestad 17.30 – 19.00
Laurdag 10. okt. salet av billettar til Smalahovefesten startar på Bui. Klokka 10.00.
Onsdag 14. okt. kino
Onsdag 21. okt. musikkverkstad, Skarestad 17.30 – 19.00
Laurdag 24. okt. Smalahovefesten, Skarestad 19.30 – 02.00

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Fredag 30. okt Hallo-ven, Skarestad 19.00 – 23.00. Alle frå og med sista året i barnehagen.
Etter klokka 21.00 er det aldersgrensa 5. klasse.

Onsdag 04.nov. musikkverkstad, Skarestad 17.30 –19.00

Onsdag 11. nov. kino
Onsdag 18. nov. musikkverkstad, Skarestad 17.30 – 19.00
Fredag 20. nov. klubbkveld, Skarestad 20.00 -22.00. Frå 5. klasse.
Onsdag 25. nov. musikkverkstad, Skarestad 17.30 – 19.00
Laurdag 28. nov. julegrantenning, Mundal etter korpsmarknaden. Gløgg, snop til ungane,
Onsdag 02. des. musikkverkstad, Skarestad 17.30 – 19.00
Fredag 04. des. klubbkveld, Skarestad 20.00 -22.00. Frå 5. klasse.
Onsdag 09. des. kino
Onsdag 16. des. musikkverkstad, Skarestad 17.30 – 19.00
Laurdag 19. des. julediskotek, Skarestad 19.00 – 23.00. Frå 1. klasse, etter klokka 21.00 frå
5. klasse.
Tysdag 29. des. 5. dagsfesten, Skarestad 20.00 – 02.00. Mat og aktivitetar.
Fredag 07. jan nyttårsball, Skarestad 20.00 – 24.00. Frå 5. klasse.

Musikkverkstaden er i gang att

Kvar onsdag no utover (utom kino-onsdagar) er det musikkverkstad på bygdahuset i Fjærland! Born på mellom- og ungdomssteget er hovudmålgruppa. Det er berre å bli med.