Viser arkivet for august, 2015

5.dagsfesten kjem att!

Fjærland ungdomslag hadde i dag styremøte for å planleggja aktivitetane våre utover hausten. Og me meinar me har mykje spanande for både unge og gamle framover.

Om få dagar vil me koma med ei fullstendig lista over alt fram til nyttår, men underskrivne klarar ikkje heilt å halda seg, eg må få offentleggjera at 5.dagsfesten kjem att!

Grøftekarad’n, musikarar som får humøret opp og liv i dansefoten.

5.dagsfesten var ein av dei viktigaste tradisjonane i ungdomslaget i mange år, men visna sakte vekk for nokre år sidan. Då me i år fekk tilbod om at Grøftekarad’n kunne spela den kvelden valde me å satsa, og byr dykk difor på ny inn til ein triveleg kveld i bygdahuset med mat, program og dans til eit band med strålande flinke musikarar som verkeleg får opp stemningi hjå dansarar og veggpryd!

Detaljane er ikkje heilt klåre, men det vert mat, Vintrakvelden sjølvsagt, litt meir program, og så dans til Fjærlandsvenene Grøftekarad’n. Me vonar at tilbodet om ein ein kjekk kveld ilag i lofrao vert så vellukka at dette på ny vert ein tradisjon.

Dei store heltane på Smalahovefesten!

Me vil nemna ein liten ting til, slik at de er kjende med det. Smalahovefesten vert i år laurdag 24.oktober, ikkje den 31.oktober, slik eg i mi vankunne trudde. Og i år vil salet verta organisert på det viset at me sel billettar på bui. Det vert fysiske billettar som må betalast og hentast der. Salet startar laurdag den 10. oktober klokka 10. Me vil då vera tilstades på bui ei stund for å ta unna verste trøkken.
Om nokon seinare vert forhindra frå å gå, kan dei sjølve omsetja desse billettane til andre som måtte ynskja dei. Ventelista me hadde i fjor synte seg ikkje å fungera, me vonar dette vert meir smidig.

Jaktfelt 2015 Fjærland skyttarlag

Eg seier meg lei for at Origo er fullstendig ubrukeleg til å leggja ut lister, men vel likevel å leggja ut resultatet frå jaktfelten.

Nr. Namn. Hald 1 Mår Hald 2 Tiur Hald 3 Jerv Sum.
1. Olav Mundal. 10 10 8-/14 28-/14
2. Per Roar Lillemo. 9 9 8-/12 26-/12
3. Ivar Supphellen. 7 10 6-/9 23-/9
4. Knut P.Bøyum. 8 10 4-/6 22-/6
5. Leif Arne Bakke. 4 8 2-/2 14-/2
6. Olav Horpedal. 4 4 2-/4 10-/4
7. Torstein Solli-Supphellen. 2 3 3/3 10-/3
8. Ingebjørg Solli-Supphellen. 0 1 0 1-/0
Max. Poengsum. 30-/25.

Jakttrening, jaktfelt og jaktprøve i Fjærland.

Me er i byrjingi av august. Det er ikkje meir enn omlag tre veker til den viktigaste datoen i året. Nei, det er ikkje jul, åremålsdagar, bryllaupsdagar, skulestart eller noko slikt. Det er jaktstart. Hjortajakti startar snart.

Det tyder at alle som vil ta del i den kjekkaste måten ein kan driva friluftsliv på, lyt ta seg nokre turar på skytebana. Her er datoane de treng å vita om:

Sundag 09.08 14.00 Dugleiksmerke.
Tysdag 11.08 16.00 Jakttrening / Jaktprøve
Laurdag 15.08 16.00 Jaktfelt.
Tysdag 18.08 16.00 Jakttrening / Jaktprøve
Laurdag 22.08 16.00 Jakttrening / Jaktprøve
Tysdag 25.08 16.00 Jakttrening / Jaktprøve
Sundag 30.08 13.00 Lagsmeistarskap 100 / 300 meter
Sundag 06.09 14.00 Skytingens dag/ABC-pokalane.

Innskot Lagsmeistarskap Kr.100.-/Kr.60.- Medlemskontingent Kr.120.

Jakttrening kr.50.-

Jaktprøve kr.200,- inklusiv medlemskontingent for fyrste forsøk og kr.50.-
for kvar ekstraserie for medlemmar.

For ikkje medlemmar kr.200,-for fyrste forsøk og kr.100,- for kvar
ekstraserie.

For alle vert prisane for ekstraseriane dobla frå og med 7. forsøk.

For jaktprøvar utanom terminfesta jaktprøvedagar må det svarast dobbel takst.