Viser arkivet for desember, 2015

Leik i skogen 3. juledag

Sidan brøytekantane er litt for låge til at det er trygt å ake i Horpedalsvegen slik 4H hadde tenkt å invitere til, inviterer vi heller til “Capture the flag” i skogen på Stølahaugen.

Les meir…

5.dagsfesten.

Tysdag 29. desember kjem 5.dagsfesten attende. Dørane opnar klokka 19.30 i bygdahuset på Skarestad, og omlag ein halvtime etter startar programmet.

For program skal det vera på ein slik fest:
*Vintrakvelden
*Sketsjar
*Musikalsk innslag

Maten vert koldtbord og me sel øl, vin og brus.

Når programmet er over, og maten oppeten, vert det dans. Og musikken er ikkje kva som helst, sjølvaste fjærlandsvenene “Grøftekarad’n” spelar opp. Dei som var på dans med dei i sumar, eller i fjor, veit at fullt band med strålande dyktige musikarar som har eit breidt repertoar gjev dansegleda. Ja, det er fint berre å vera veggpynt og lytta på.

Så no i villaste julehandelen er det om å gjera å halda av 300 kr til billetten. Skulle du vera så lur at du har meldt deg inn i Fjærland ungdomslag så kan du handla gåver for 50 kr meir, då er det berre 250 kr.

Om du går på ein smell, og handlar for mykje, så kan du likevel koma og vera med på dansen for 150 kr om du ikkje er medlem, eller 100 kr om du er medlem.

Salet av billettar startar på onsdag i samband med at bygdakinoen onsdag 09. desember syner filmane Julekongen: Full Rustning klokka 17.00, The Hunger Games: Mockingjay klokka 18.30 og Søsken Til Evig Tid: Amerikareisa klokka 21.00. Etter dette kan ein kjøpa billettar på bui i Fjærland. Påmeldingsfrist er 21.desember.