Viser arkivet for november, 2015

Skytetreningi startar oppatt.

Tysdag 17. november klokka 19.00 startar skytetreningi for ungar oppatt på skytebana i bygdahuset. Både dei som har skote før, og nye rekruttar, er velkomne.

Julebord i Fjærland

Julebord på Fjærland Fjordstove Hotell laurdag 12.12.2015 klokka 19:30.

Det er Joar Søhoel som har lagar julematen du får servert:

MENY: Pinnekjøtt, medisterkaker av svin og julepølse av hjort
Kålrotstappe, rødkål, potet, svineribbe og brun saus. Til dessert Riskrem med raud saus. Det serveres gløgg ved ankomst som er inkludert i prisen.

Quizz med flotte premier.

Prisen er 360,- per pers.

Påmelding innan tysdag 1. desember.

Meld deg på her: bard@fjaerlandhotell.no eller sms/telefon: 410 00 200.

Bading vinter 2015-16

BADING vinter 2015-2016

Det blir bading kvar måndag frå 09.11.15 til 14.12.15 og
frå 11.01.16-11.04.16. med unntak av 15.02. (vinterferie), 14. og 21.04.(påske)

Det er fylgjande badetider:
18.00-19.00 Born/familie, ungdom
19.00-19.30 Vaksne (og ungdom frå 13 år og oppover som berre ynskjer å symje.)

Det er påbode med badehette for dei som badar!

For dei borna som bruker bleie til vanleg, vil det og vere påbode med badebleie.

Born som ikkje er symjedyktige må ha med fylgje.

Obs! Det kan berre opphalde seg 30 badande i bassenget samstundes. Så det kan bli litt ventetid for nokre.

Badinga kostar 20 kroner pr person, 60 kr for ein familie.

Vel møtt til bading!

Fjærland idrettslag, trimgruppa v/Gunvor Bøyum 48223757