Viser arkivet for desember, 2011

Årsmøte i Fjærland Røde kors

Fjærland Røde kors held årsmøte i bygdahuset.

Torsdag 26.januar 2012 klokka 20.00

- vanlege årsmøtesaker
- enkel servering

Saker ein ønsker å ta opp må vere styre v/ Knut P. Bøyum i hende innan 22.01.12.

Vel møtt!

Nyttårsball!

Det blir nyttårsball i bygdahuset

fredag 6.januar kl 19.00-24.00.

Det blir koldtbord og dessert, leikar og diskotek.

Alle frå 5.klasse og oppover er velkommen.

Flott hvis nokon har lyst til å lage litt underhaldning, sang, dans, sketsj e.l.

Inngang kr 100,-

Påmelding seinast onsdag 4.januar til:

Vegard Skeide mobilnr.: 91 58 60 64
Monica Skeide mobilnr.: 91 58 60 64
Kurt Ove Restad mobilnr.: 46 41 95 26
Hugs å skrive navnet ditt dersom du sender sms.

Arr. Fjærland ungdomslag

Extremværsøppel og ryddedugnad torsdag 29. des

I mårra torsdag 29. desember kjem det ein konteiner som blir plasert ved gamlemeieriet på bøyande (ved bedahuset/bussgarasjen). Denne er tiltenkt plater, bølgeblekk, rusk og rask som ligg strødd utover bøane i bygda. Konteineren blir ståande til over nyttår.

I mårra vil det bli ein felles ryddedugnad rundt i bygda. Då reiser ein rundt å samlar inn søppelet som har komme i vinden før det fryser fast eller snøar ned.

Ansvarspersonar for område:
Skarestad og skeide: Anders Skarestad
Bøyum: Knut P. Bøyum
Våtevik og Supphelledalen: Olav Våtevik
Stølen og Horpedalen: Hans Haugen
Mundal: Laura Kvamme

Har du lese dette, så spre ordet vidare til bygdefolk.

Takk til bygdefolket

Sognekraft, leiaren i bygdautvalet Hans Haugen og ordførar Jarle Aavoll vil takke bygdefoket for ein kjempegod innsats med rydding av skog langs linjenettet i Fjærland.

Hadde ikkje så mange bygdefolk stilla opp for å hjelpe ville ikkje straumen ha komme attende i Fjærland før 1-2 dagar seinare enn kva den gjorde fortel Hans Haugen. Han legg også til at Fjærland var hardast ramma i Sogndal Kommune.

Årsmøte i skyttarlaget

Fjærland skyttarlag skipar til årsmøte fredag den 13. januar kl 20.30 på miniatyrbana i bygdahuset på Skarestad.

Utdeling av premiar og elles vanlege årsmøtesaker.
Enkel servering.

Vel møtt.

Juleball

Fredag 16. desember vert det juleball i bygdahuset på Skarestad.

Det byrjar kl. 19.00 for alle frå 1. klasse. Etter kl. 21.00 og til midnatt er det berre for 5. klasse og eldre.

Servering av mandarinar, peparkaker og julebrus.
Høve til å kjøpa snop.
Dans med DJ Taxi.

Hugs og på nyttårsball fredag 06. januar.

Førjulstreff på bygdahuset 17/12

Sidan opplegge på hotellet ikkje blei noko av vil eg lage til eit alternativt opplegg på bygdahuset istaden.

Vi er midt inne i julestresset og vi treng ei lita avkobling og eit sossialt treff.

Derfor blir du invitert til å bli med på dette førjulstreffet på Bygdahuset i Fjærland laurdag 17. desember kl 20.00. Alle over 16 år er velkommen.

Her vert servert enkel mat med Kaffi etterpå. Ta med deg den drikka du ynskjer sjølv.

DETTE BLIR MORROKOM Å BLI MED!!!!!

Pris kr 100 (Billigare enn det var på hotellet). Påmelding og betaling på Butikken innan torsdag 15. desember kl 12.00.

Eventuelt overskudd går til bygdahuset.

Håpar dokke vil komme så vi ikkje lagar dette forgjeves.

Helsing Gaute, og bygdahusgjengen.

Julepub på Hotel Mundal - Avlyst

Julepuben som skulle være på hotel mundal er avlyst!

Hotellet har per i dag ingen hotellsjef og ingen ansatte som kan ta seg av dette. I tillegg er alt vatnet tappa ut. Kostnadane blir for store å sette alt i drift for ein pub kveld.

Søknad om kompensasjon ved straumbrotet

Sognekraft på leit etter feilen i master

På årsmøtet 8.november i Fjærland bygdautval var det ei lengre
utgreiing om straumstansen 6.-7. juni 2011, ved nettsjef Harald Stadheim
frå Sognekraft. Det vart diverre ikkje sagt noko om at det var høve til
å søkje om kompensasjon for stansen. Straumen var vekke i mest heile
bygda frå kl 1930 6/7 til 1730 7/7. Straumstans over 6 timar gjev høve til
kompensasjon. På heimesida til Sognekraft ligg eit skjema som du kan fylle
ut. Du finn skjemaet på nettsida åt Sognekraft
Fyll ut skjemaet så godt du kan og send det til Sognekraft.
Med helsing Fjærland bygdautval v/ Hans I Haugen