Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (onsdag 13. oktober 2010) og Fjordaglimt (torsdag 22. april 2010). Les mer om roperten…

Kulturminne

Offersteinen i Bøyadalen

Vist 430 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

har lenge lurt på kvifor den steinen ligg der. hadde vore kjekt med litt meir info og historie, og for mange sikkert ei forklaring på kvar den ligg :)

Ja! Gjerne det. Har du meir info, Anders? Dette høyrest ut som eit spanande stykkje eldre soge. Er det skålgroper eller andre merke i steinen, til dømes?

Offersteinen i Bøyadalen ligg på vestsida av riksvegen som går gjennom dalen. Den ligg omlag ti-femten meter frå vegkanten. På andre sida av vegen står ei gammal løe og ei nyare hytte. – Mellom Byksehammaren og Jonsokskreda for dei lokalkjende…
Eg har ikkje funne skålgroper eller andre merke i steinen, men eg har heller ikkje “saumfare” steinen.
Eg har nokre notat etter Sjur Bøyum, der han på 1950-talet registrerte stadnamn på nesten alle gardane i Fjærland. Om offersteinen i Bøyadalen skriv han:
“Offersteinen: Ein stor lang stein som før låg attmed fjellstølsvegen. Den dagen dei for forbi med kyrne til fjellstølen, brukte dei å leggja ein stein bortpå offersteinen, eit slags offer til steinvetter frå fyrst av. I 1935 fortalde ein 83 år gamal mann at han som 5 år gamal gut hadde vore med på buferdi, og då la gardsdrengen ein stein bortpå den store steinen.
Offersteins-vollen, ein stor flat voll kring steinen.”

Offergroper, eller skålgroper. Som nemt lenger oppe har
eg ikkje funne groper
eller andre merke i offersteinen i Bøyadalen.
Men offergroper kan ein finna på fleire av stølane i bygdi.
Biletet her viser offergroper på på eit “svaberg” ved ein
av stølane på Berge.

Det er skikkeleg spennande å sjå att far etter kanskje fleire tusen år gamle kulturar i Fjærland. Dei hadde nok vet på å busetja seg før òg!

Biletsamlinga (445 bilete)

 

AjB (12 bilete)

 

Andre bildealbum