Forum: Forum for alle

Alle besøkande på sona kan lesa det som vert skrive her.

Vel dette alternativet for å spreie positive nyhende om bygda, og kryss av for at innlegget skal publiserast med ropert (på fylkessona Fjordaglimt.no og sognasona Sognatreff.no).

Fjærland Origo blir lagt ned

Frå kl 2359 i kveld 31.10.2016 blir det ikkje nye oppdateringar på origo.
Men alt som ligg her vil bli værande som eit arkiv.

Einaste elektroniske info-tavla vi har no er på Facebook. Men om det skal lagast nye alternativ blir diskutert på bygdamøte 08/11-2016 kl 20.

Viss du er på Facebook kan du søke opp gruppa “Fjærland 2016”. Det vært det lagt ut informasjon om kva som skjer.

ungdomslaget har også ei altiv side på facebook. Denne gruppa heiter “fjærland ungdomslag”

Vil du lese meir om kvifor origo blei lagt ned så følg denne linken: http://vaktmesterkontoret.origo.no/-/bulletin/show/867726_vi-pensjonerer-naa-origo-no?ref=checkpoint

Bygdamøte!

Me vil med dette invitere til bygdamøte tysdag 8.november kl. 20.00 på Skarstad.

Saker:
-Nedlegging av bygderuta?
-Stiprosjekt
-Privatisering av nokre kommunale vegar
-Informasjonskanalar i Fjærland (origo vert lagd ned)
-Møteplass på dagtid for bønder (og andre)

-Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (denne skal opp til revidering, så her kan det vere mogleg å få kommunen med på å tilrettelegge for aktivitetar og prosjekt. Er det noko vi ynskjer eller treng?)

Enkel servering

Mvh
Fjærland bydautval

Gratulerer med flott klatrepark!

Fjærland bygdautval vil ynskja skulen til lykke med flott klatrepark!
Kjempe kjekt og bra at vi har fått den i bygda😊

Aktivitetar i Fjærland ungdomslag hausten 2016.

Dag og dato aktivitet/stad/klokkeslett/anna

Onsdag 31. aug. Kino. Sjå kva film som kjem på www.bygdekinoen.no

Torsdag 15. sep Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Torsdag 22. sep. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Onsdag 28. sep. Kino. Sjå kva film som kjem på www.bygdekinoen.no

Torsdag 29. sep. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse
18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Fredag 23. sep. Klubbkveld, Skarestad 20.00 -22.00. Frå 5. klasse.

Helgi frå 23. sep. Smalahovesviing, Sva. Kom og ver med å hjelpa til.

Torsdag 06. okt. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Helgi frå 07. okt. Dansekurs for unge i alle aldrar ved Sigvor Mortensbakke. Om kvelden fredag
og ettermiddagen på laurdag vil Sigvor undervisa i ulike danseformer. Alle som
vil læra (eller friska opp) dansedugleiken er hjarteleg velkomne. Detaljar kjem.

Laurdag 15. okt. Salet av billettar til Smalahovefesten startar ved Bui klokka 10.00. Kontant
betaling og maksimalt 4 bilettar pr. person. Fyrstemann til mølla….

Helgi frå 21. okt. Dansekurs for unge i alle aldrar ved Sigvor Mortensbakke. Om kvelden fredag
og ettermiddagen på laurdag vil Sigvor undervisa i ulike danseformer. Alle som
vil læra (eller friska opp) dansedugleiken, er hjarteleg velkomne. Detaljar kjem.

Onsdag 26. okt. Kino. Sjå kva film som kjem på www.bygdekinoen.no

Fredag 21. okt. Klubbkveld, Skarestad 20.00 -22.00. Frå 5. klasse.

Torsdag 27. okt. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Laurdag 29. okt. Smalahovefesten, Skarestad 19.30 – 02.00. Den beste smalahovefesten i
verdi utom Vossabygdi!
Torsdag 03.nov. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Fredag 04. nov. Halloween, Skarestad 19.00 – 23.00. Alle frå og med siste året i barnehagen.
Etter klokka 21.00 er det aldersgrensa 5. klasse. Du får litt av ei oppleving om
du vågar!
Torsdag 10. nov. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Torsdag 17. nov. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Onsdag 23. nov. Kino. Sjå kva film som kjem på www.bygdekinoen.no

Torsdag 24. nov. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Fredag 18. nov. Klubbkveld, Skarestad 20.00 -22.00. Frå 5. klasse.

Torsdag 24. nov. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Laurdag 26. nov. Julegrantenning i Mundal etter korpsmarknaden. Gløgg, snop til ungane.

Torsdag 01. des. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Fredag 02. des. Klubbkveld, Skarestad 20.00 -22.00. Frå 5. klasse.

Torsdag 08. des. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Torsdag 15. des. Danseøving for born på skulen. 1. til 4. klasse frå 17.00 til 18.00, 5. til 7. klasse 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00

Fredag 16. des. Julediskotek, Skarestad 19.00 – 23.00. Frå 1. klasse, etter klokka 21.00 frå
5. klasse. Litt å bita i og mykje moro.

Torsdag 29. des. 5. dagsfesten, Skarestad 20.00 – 02.00. Mat og aktivitetar.

Fredag 06. jan. Nyttårsball, Skarestad 20.00 – 24.00. Frå 5. klasse. Mat og aktivitetar.

Utom desse tilstellingane vil det verta musikkverkstadøvingar i haust også. Men dei vert truleg som helgesamlingar, me kjem attende til datoar når me veit meir. Det vert truleg også ei filmframsyning i desember, men me har ikkje klar datoen enno.

Me vonar alle fjærlendingar, og dei som gjestar oss, finn noko dei har lyst til å vera med på her.
Fjærland ul.

Lær å dansa!

Fjærland ungdomslag er så heldige at me har fått Marit F. Henningsen til å undervisa born i dans. Det vil vera alt frå songleikar til folkedans og gamaldans, med innslag av andre danseformer.

Marit har dansa sidan ho var 5 år gamal, ho var barnedansinstruktør i ungdomslaget Ørnen på Leknes i 5 år, og 5 år i Bul Ervingen i Bergen. Ho vil vera med på barneinstruktørkurs i Tromsø 9. til 11. september.

Det vil bli to dansegrupper, 1. til 4. klasse, og 5. til 7. klasse. Øvingi vil være i gymsalen på skulen. Dei yngste torsdagar frå 17.00 til 18.00, og dei eldste 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00. Fyrste danseøving blir 15. september, og deretter kvar torsdag. Det vil verta lagt opp til at dei som er med og dansar skal få syna fram kva dei har lært. Kva tid og korleis må me koma attende til.

Deltakaravgift er kr 100 i året for dei som ikkje er medlemmar i Fjærland ungdomslag, og kr 50 for dei som er. Sysken betalar halv pris. Alle kan vera med på to øvingar for å finna ut om det er moro før dei lyt betala, men me er sikre på at dette vert kjempemoro!

Hjarteleg velkomne til alle!

Fjærland Ungdomslag
«I bygdi, for bygdi»

Jaktfeltstemna

Jaktfelt.
Det vert jaktfeltskyting på skytebana laurdag 06.aug frå klokka 16.00.

Program:
3×5 skot mot 3 ulike figurar.

Innskot:
Kr. 100,- for alle.

Eigi premiering.
Gjeld som treningsskot til jaktprøva.

Vel møtt.
Nemndi

Olsokfeiring i Fjærland på Olsokafta

Nå teller vi ned til olsokfeiring i Fjærland torsdag 28. juli. Tradisjonen tro blir det både fiskekonkurranse, fotballkamper, natursti, leker og underholdning. Merk at det meste vil skje på torget i Mundal!

Idrettslaget sørger for grillmat, og husmorlaget for kaffi med noe attåt, det er altså ingen grunn til å dra hjem for å spise mellom slagene. Vi håper på mye folk, energisk innsats, godt humør og gammeldags olsokstemning både på idrettsbanen, torget og på bygdehuset om kvelden!

Ta på regntøyet, ta med en venn eller to og møt opp!

Velkommen!!!

Program for Olsokafta, 28.juli
Kl. 11.30 Stølsløpet. Start frå ferjekaien. Påmelding frå kl. 11.00

Torget i Mundal:
12.30-13.00 Påmelding til fiskekonkurransen
13.00-14.30 Fiskekonkurranse

På idrettsbana:
16.00-16.45 Fotballkamp, barn under 15 år
16.50-17.00 Triksekonkurranse med premie. Møt opp og bli med!!
17.00-18.00 Fotballkamp, vaksne
17.45.18.15 Påmelding og start, natursti. Mål ved torget. Det blir sal av is og brus under fotballkampane.

Torget i Mundal/hotellhagen:
18.00 Sal av grillmat, kaffi og kaker.
18.15-19.30 Leikar og aktivitetar for born og vaksne. Mellom anna bumperballar, mjølkespannholding og bokkasting.
19.30 Premieutdeling
Odd Hagen spelar og underheld. Det vert loddsal, bildequiz og tippekonkurranse med fine premiar til inntekt for arrangementet.

På bygdahuset:
22.00-02.00 Olsokdans med Tore Leiren. Møt opp og gjer ditt for at det skal bli god gammaldags olsokstemning!!

Terminlista for Fjærland skyttarlag sumaren og hausten

TERMINLISTE 2016 FJÆRLAND SKYTTERLAG.

Laurdag 06.08.16 16.00 Jaktfelt.
Sundag 07.08.16 14.00 Dugleiksmerke.
Tysdag 09.08.16 16.00 Jakttrening//Jaktprøve.
Tysdag 16.08.16 16.00 Jakttrening//Jaktprøve.
Laurdag 20.08.16 16.00 Jakttrening//Jaktprøve.
Tysdag 23.08.16 16.00 Jakttrening//Jaktprøve.
Laurdag 27.08.16 16.00 Jakttrening//Jaktprøve.
Sundag 28.08.16 13.00 Lagsmeistarskap 100//300 meter.
Tysdag 06.12.16 19.00 Magapokalen.
Fredag 09.12.16 20.30 Årsmøte miniatyrbana.

Innskot lagsmesterskap Kr.100.-/Kr.60.-
Medlemskontingent Kr.120.-
Jaktprøve kr.200.- inklusiv medlemskontingent for 1.forsøk, og kr.50.- for kvar
ekstraserie for medlemmar,
For ikkje-medlemmar kr.200.- for fyrste forsøk og kr.100.- for kvar ekstraserie.
For alle vert prisane dobla frå og med 7 forsøk.

Jakttrening kr.50.-

For jaktprøvar/treningar utenom terminfesta jaktprøvedagar må det svarast dobbel
takst.

Jordalstrimmen 2016

Jordalstrimmen sundag 24.juli.

Påmelding/start ved bilvegen i Jordal.
Start trim (utan tidtaking) kl.12:45-13:15
Start m/ tidtaking kl. 13:30
For å delta på tid må du vera 12 år eller eldre (fødd 2004 eller før).
Mål på skuleplassen ved Fjærland skule.
Traseen er om lag 8 km kupert grus/ asfaltveg.

Startkontingent:
Trim kr. 50,- (familie kr.150,-)
Tid kr.100,- (ikkje familierabatt)

Premiering:
Diplom til alle som deltek på tid.
Langtidspremiering kvart 5.år (trim og tid)

Kiosksal på skuleplassen.
Vel møtt!

Fjærland idrettslag v/ trimgruppa.

Vellukka 4H-leir takka vera god hjelp frå heile bygda

På det meste var det 360 store og små 4H-arar som koste seg på leir. Me i Fjærland 4H, som var teknisk arrangør saman med dei andre klubbane i Sogndal kommune, er imponerte over, og takksame for, all hjelp, støtte og velvilje. Det har bidrege til å gjere helga til ei flott oppleving i og av bygda vår, trass litt skiftande vêr.

Les meir…

Boknatta 2016

PROGRAM BOKNATTA 24.-25.JUNI 2016
Bokbyen har 20 års-jubileum i 2016 og det skal feirast. Me lagar ein ny vri på Boknatta i år og flytter arrangementet til det nye torget inne i Mundal, midt i mellom Hotel Mundal og Fjærland Fjordstove Hotell. Mykje av kulturprogrammet vil gå føre seg inne på hotella, så ein kan varme seg litt i løpet av kvelden. Me opnar som vanleg marknaden kl.16. Bokbutikkane opnar kl.10 og held ope utover heile kvelden.

KVELDEN FØR BOKNATTA, FREDAG 24.JUNI
Kl. 21.30: Tove Bakke: Lorca. Pubkveld med spansk stemning på Fjordstova.

BOKNATTA, LAURDAG 25.JUNI
Kl. 13: Markering av 20-års jubileet til Bokbyen på Hotel Mundal. Kanapear og sprudlevatn. Talar og kåseri ved Ragnar Hovland, Arne Ivar Kjerland og Laura Kvamme.

Kl. 16: Opning av Boknatta ved Simone Stibbe. Bodane opnar.

Kl. 17: Reiser og relasjonar: Litterær samtale med Hilde Kvalvaag og Brynjulf Jung Tjønn. Møt to forfattarar som på finaste vis skildrar oss så nært ein kan komme. Med reisa som motiv og relasjonane som tema skriv dei begge slik at det angår lesaren, om lengselsen etter å høyre til og bli elska, om frykta for tap og einsemd. Men alltid med håpet som drivkraft. Begge har vunne Brageprisen og dei skriv både for barn og vaksne. Begge er inspirerte av musikk og inviterer publikum til å lytte til lydspor frå skrivinga undervegs i samtalen som vert leia av Janne Karin Støylen. Hotel Mundal.

Kl. 18: Barneprogram på torget i Mundal: Klare sjøl. Matlaging i det fri med Ann Iren Ulvedal, Anne Britt Sårheim og Reidunn Otterdal etter oppskriftar frå boka, Klare sjøl.

Kl. 19: Ove Røsbak og Henning Sommerro. Dei to har samarbeida sidan tidleg på 80-tallet. Dei har skrive fleire sanger saman og i 2004 vart CD’en «Himmelhaik» utgjeve, der Røsbak les og synger og Sommerro står for musikken saman med saksofonisten John Pål Inderberg. Sommerro og Røsbak har ein ellevill og laussluppen stil på scena, bygd på improvisasjon og glimt i auget. Stemningane skifter med lynets hastigheit, og kan plutseleg gli over i både vemodig lyrisk og frodig vakkert. Røsbak vil i Bokbyen Fjærland lese og synge ting av Børli, Prøysen og seg sjøl, og Henning Sommerro vil framføre songer av Hyldbakk, Hoem og Røsbak som han sjølv har tonesett. Fjærland kyrkje.

Kl. 20.30: Johs. B. Thue: Fortel frå ny bok, Gryta i fjorden – Om heimefiske og ulike fiskerettar i fjordane våre. Fjærland Fjordstove Hotell.

Kl. 22: Konsert: Billa and the Kid

TORGSTEMNING MED FRIDTJOV URDAL, EIVIND ØDEGÅRD M.FL. I LØPET AV KVELDEN.

Sal av mat og drikke på torget og Kaffistova. Alle arrangementa er opne for alle.

VELKOMEN TIL BOKMARKNAD OG FOLKELIV!
For tinging av salsbod ring tlf.57692210 eller post@bokbyen.no.

Oppdagingsferd

Sundag19. juni skal Kjell Magne Hillestad og Tor Inge Romøren opp i dalen ovafor Romøyri for å “leita” etter gamle hustufter/kulturminne. “Leiteområdet” er i området frå Svingen og oppover til Øvre Rommedal.

Kjell Magne har tidlegare funne og dokumentert fleire over tusen år gamle hustufter rundt omkring i kommunen. Tor Inge er “lokalhistorikar”, godt kjend i dalen og guide på turen.

Området her er i fylgje Kjell Magne typisk for tidleg busetnad.
Han har god tru på at her finnst spor etter gammal menneskeleg aktivitet.

Turen er open for alle som ynskjer vera med.

Båt frå Jordal til Romøyri. Avreise frå Jordal kl. 09:00.

Påmelding og fleire opplysningar til/frå Endre Distad, tlf. 952 69 217, innan 17. juni.

Fjærland sogelag

Annonse