Forum: Forum for alle | ||
Alle besøkande på sona kan lesa det som vert skrive her.
Vel dette alternativet for å spreie positive nyhende om bygda, og kryss av for at innlegget skal publiserast med ropert (på fylkessona Fjordaglimt.no og sognasona Sognatreff.no).
Bilete i denne tråden viser fjellet Blånipa som er 1469 meter høg.
Konkuranset: Sjå teksten under dette bilete.
Kvar tid er snøen smelta vekk i den trekanten som er innteikna i bilete nr 2? Det er altså øvre del av Blånipa det er snakk om. Ein eventuell premie kjem eg tilbake til.
Skriv dato og navn i kommentarfeltet under eller send ditt forslag til gauteboyum@gmail.com så skal eg leggja det ut ffor deg.
Lykke til.
Helsing Gaute!
…til årets kulturide 2012. Utkantfestivalen, Åmot operagard og ikkje minst Jølster tangofestival (for ein gjeng!) fekk milde gåver frå Sparebankstiftinga. Det er hyggeleg at kulturen i fylket blir trekt fram på ei slik tilstelling, og hyggeleg for oss at bokbyen får fri mikrofon på radioen. Nok ein gong takk til alle dykk som har klikka dag og natt – det er for dykk me jobbar. Velkomne til ei flott boknatt 23. juni!
Det var ikkje noko simpelt fyrvekrkeri som vart skote opp i Fjærland då ein russisk familie med venner feira bursdagen til ei 14 år gammal jente.
Russarane kom til bygda i Sogn i to yachtar torsdag føremiddag, den eine 55 meter lang og den andre 34 meter.
Då russarane kom i land stod eit helikopter klar for å ta dei med på tur over breen, og etter vel tre timar kom dei attende til Fjærland for å feire 14-årsdag.
Blant dei største i Norge


Jenta vart feira med bursdagssang rundt helikopteret, og seinare på kvelden vart bursdagen toppa med eit gigantisk fyrverkeri som var synkronisert med musikk.
- Det spesielle med dette fyrverkeriet var at alt var synkronisert med musikk, og fyrverkeriet vart skote opp i takt med musikken, seier Morten Moen og Andreas Helle i Engelsrud AS, som var ansvarlege for fyrverkeriet.
Dei fortel at seansen i Fjærland var eit svært stort show, og eitt av dei større musikkfyrverkeria i Norge i år.
- Når 150 kilo krut går i lufta er det noko ein merkar, seier dei.
Til samanlikning opplyser Helle at det går med 500 kilo krut under fyrverkeriet i Oslo på nyttårsaftan.
Imponert lokalbefolkning
Fleire titals fjærlendingar hadde møtt opp for å få med seg det ni minutt lange showet torsdag kveld.
- Dette var vanvittig flott, noko av det finaste fyrverkeriet eg har sett. Ein ser ikkje slikt rundt om her i Sogn til vanleg, seier Jarle Mundal
Utover kvelden kunne fjærlendingane også høyre musikk frå den eine yachten, og det var ingen ringare enn etterkommarane av bandet Gipsy Kings som var leigd inn for å halde konsert.
Må ryktast i Russland
- Det er tredje året på rad at det kjem ein yacht av slik storleik til Fjærland, fortel Marianne Supphellen i Fjærland reiselivslag.
Ho synest det er kjempekjekt og bra for bygda, der det nærmast var folketomt før russarane gjorde sitt inntog.
- No yra det av hyggelege folk som skapte liv og røre. I tillegg legg dei igjen pengar både her og der. Dei var blant anna innom bokbyen og handla suvenirar, seier Supphellen.
Ho trur at valet av Fjærland som reisemål heng saman med nærleiken mellom fjord og bre.
- Sidan det er treje året på rad med yachtbesøk, så må jo det ryktast i Russland, ler Supphellen.
Dette blir litt av ei boknatt! I mellomtidi må de ikkje gløyma å røysta på bokbyen eit par dagar til – på fredag blir det avgjort.

Leiinga ved Mundal hotell fekk dei naudsynte godkjenningane frå branntilsynet fredag ettermiddag. Alt laurdag kom dei første overnattingsgjestene på hotellet.
– Vi fekk alle godkjenningane i orden og vi har no opna hotellet. Dette er vi veldig glade for og vi håpar på å få ein god sesong fortel Mette Wikborg fredag ettermiddag.
Hotell Mundal blei erklært «stengt» i vinter grunna mangellapp på branntryggleik men no er alt i orden.
I morgon er det opning og konsert i bokbyen, som de alle saman absolutt må koma på (og venene dykkar òg), og i dag vart bommen flytt. Det er her det skjer!

Dette bilete var på introen til førre vekas Nårje episode på TV2.
Er det nokon som klara å sjå kvar det er frå?

To bilar frontkolliderte inne i Bergstunnelen på riksveg 5 mellom Fjærland og Sogndal fredag ettermiddag
- Det var totalt fem personar i dei to bilane som kolliderte. Fire personar i det køyretøyet som kom frå Sogndal og ein person i køyretøyet som kom frå Førde, opplyser operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
AMK i Førde opplyser at ein 43 år gammal mann, er alvorleg skadd, men stabil. Han er overflytta til Haukeland universitetssykehus i Bergen.
Ei kvinne i 40 åra og to born på åtte og 10 år er lettare skadde og ligg på vanleg avdeling. Ein 68 år gammal mann ligg på intensivavdelinga med lettare skadar.
Førarane fastklemde
Ifølgje politiet var begge dei mannlege bilførarane fastklemde etter kollisjonen. Etter at dei vart frigjort, vart begge sende til Førde sentralsjukehus med ambulansehelikopter.
Ei kvinne og to born er også sende til sjukehus i Førde med vanleg ambulanse.
- Høyrde nokre smell
Ulykka skjedde midt inne i den 2,5 kilometer lange tunnelen. Arnold Berge frå Fjærland var på veg heim frå Sogndal, og var den første som kom til ulykka på den sida av tunnelen.
- Eg vil tru vi var eit par hundre meter frå då ulykka skjedde. Vi høyrde nokre smell, og lurte på kva det var, seier Berge.
Nokre få sekund seinare kom dei fram til ulykkesstaden, der to bilar hadde kollidert front mot front.
- Vi såg med ein gong at det hadde vore ein kraftig smell, og begge bilane var øydelagde, seier Berge.
Før naudetatane kom til staden hjelpte han til ved å oppnå kontakt med dei som var involverte i ulykka.
Lange køer
To luftambulansar landa i vegbana på Fjærlands-sida av tunnelen like før klokka 17. Helikoptera reiste raskt av garde med pasientar i retning Førde.

Det har danna seg køer på bortimot ein kilometer på Fjærlandsida av tunnelen..
Dårleg samband
Operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt fekk melding om ulykka klokka 15.32, og alle naudetatane rykte ut til staden.
- Det er sendt eit luftambulansehelikopter eit Sea King redningshelikopter, vanlege ambulansar, brannvesen og politi til tunnelen, opplyste operasjonsleiar Per Rimmen.
Han fortel at det er dårleg samband inne tunnelen, og at operasjonssentralen derfor ikkje har fått oppdatert kor mange som er involverte i ulykka og skadeomfanget.
Tunnelen vart stengd som følgje av ulykka.
Klokka 17 opplyser politiet at det føregår oppryddingsarbeid, og at vegen vert opna innan kort tid.
- Totalvrak
Arnold Berge og Aleksander Bøyum var dei første som kom til staden.
– Bilane er i grunn totalvrak begge to, men det er front mot front. Eine bilen ser ut til å ha komme over i feil køyrebane, seier Berge. No driv brannvesenet å frigjer ein person som sit fastklemt. Dei andre er komne ut, mellom dei born. Det ser ut til å gå bra med dei, fortel Berge til NRK.no
Ta-da! Bokbyen opnar laurdag 28. april, og programmet til opningshelgi er klart. Temaet er bygningar og landskap ute og inne. Konsert med Elin Furubotn i kyrkja laurdagskvelden (billettar på bokbyen.no), og ikkje minst: heile programmet er her. Å sæle stund! Gå no straks avstad og sprei ryktet, godtfolk!
Nyaste kommentarar