Boknatti 2011
Har du for mykje bøker i hyllene? Kom til Fjærland og sel dei på boknatti. Les meir om kva boknatti er hjå bokbyen.
Dette er grunnlaget for boknatti. Ein sumarkveld i ei villvakker sognabygd, full av litteratur. Ein stor marknad der du kjem med dine eigne bruktbøker, leiger eit salstelt hjå oss, og sel bøkene dine til den ljose morgon. Kvar laurdag nærast jonsok set me opp ei mengd telt og lagar bokfest. Attåt dette kjem konsertar, opplesingar, forfattarar og godtfolk, mat og drikke. Programmet for 2011:
Fredag 24. juni
20.00: Intimkonsert på Hotel Mundal. Unge talent med kjente songar.
Onkel Mikkel, kr 50,-
Laurdag 25. juni
16.00: Boknatti opnar, flagget til topps!
16.30: Heavykatten i bokbyen. Roald Kaldestad.
Scena, gratis.
17.00: Møte med keisar Wilhelm. Svein Skotheim presenterer keisaren og boka om han. Oppdag nye sider ved den mest celebre turisten på Vestlandet. Leseteltet, gratis.
18.00: Kjartan Hatløy les høgt frå diktsamlinga Fjord.
_
Leseteltet, gratis._
19.00: Per Olav Kaldestad & Kjartan Hatløy: Lyrikk om og i naturen.
Leseteltet, gratis.
20.00: Bokstablekonkurranse for born og vaksne.
Tusund og ei natt, kr 10,- pr. forsøk
21.30: Konsert: Vaksne menn på ville vegar – ein litterær kabaret. Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, Roald Kaldestad, Atle Hansen og Hans Sande med humor, sentimentalitet, romantikk og musikk.
Scena, gratis.
Bokmarknad og folkefest i Mundal. Forfattarar, konsertar, litteratur, mat og drikke.

