Bommen blir borte, bokbyen held ope
Bokbysesongen er over for i år, men bokbyen tek ikkje fri for det. Kort sagt: Ope kl 12-15 tre laurdagar på rad frå 27. november, pluss bomfallsdagen.
Bomstasjonen i Fjærland blir lagt ned 26. november kl. 11:00, det blir gratis å køyra Fjærlandsvegen, og bokbyen er open fredag 26. og laurdag 27. november kl. 12-15. Endeleg kan sogndøler, kaupingar, systrendingar og alle andre koma og få syn for segn at Fjærland verkeleg er noko heilt eige, tøft og spesielt.
Vidare gjev me høve til å gjera gåvehandelen i den beste gåvebutikken i landet, og ein av dei mest spesielle i verda, laurdag 4. og 11. desember kl. 12-15. Det er heilt sant at bøker er den beste gåva, anten dei no er nye eller brukte. Ingen annan stad finn du gode gåver i slike mengder som hjå oss. Kom og kjøp no når bommen er borte!


