Lær å dansa!

Fjærland ungdomslag er så heldige at me har fått Marit F. Henningsen til å undervisa born i dans. Det vil vera alt frå songleikar til folkedans og gamaldans, med innslag av andre danseformer.

Marit har dansa sidan ho var 5 år gamal, ho var barnedansinstruktør i ungdomslaget Ørnen på Leknes i 5 år, og 5 år i Bul Ervingen i Bergen. Ho vil vera med på barneinstruktørkurs i Tromsø 9. til 11. september.

Det vil bli to dansegrupper, 1. til 4. klasse, og 5. til 7. klasse. Øvingi vil være i gymsalen på skulen. Dei yngste torsdagar frå 17.00 til 18.00, og dei eldste 18.00 til 19.30. Dei dagane det er barnemisjon vil øvingi vera frå 18.00 til 19.00 og 19.00 til 20.00. Fyrste danseøving blir 15. september, og deretter kvar torsdag. Det vil verta lagt opp til at dei som er med og dansar skal få syna fram kva dei har lært. Kva tid og korleis må me koma attende til.

Deltakaravgift er kr 100 i året for dei som ikkje er medlemmar i Fjærland ungdomslag, og kr 50 for dei som er. Sysken betalar halv pris. Alle kan vera med på to øvingar for å finna ut om det er moro før dei lyt betala, men me er sikre på at dette vert kjempemoro!

Hjarteleg velkomne til alle!

Fjærland Ungdomslag
«I bygdi, for bygdi»

Vist 121 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder