Vellukka 4H-leir takka vera god hjelp frå heile bygda

På det meste var det 360 store og små 4H-arar som koste seg på leir. Me i Fjærland 4H, som var teknisk arrangør saman med dei andre klubbane i Sogndal kommune, er imponerte over, og takksame for, all hjelp, støtte og velvilje. Det har bidrege til å gjere helga til ei flott oppleving i og av bygda vår, trass litt skiftande vêr.

Nær alle lag og organisasjonar i bygda har bidrege, kvar på sin måte. Mange har stilt med aktivitetar, medan andre har lånt oss utstyr og bidrege økonomisk. Aktivitetane me tilbaud fekk mykje skryt, både for spennvidde og måten dei vart gjennomført på av dei ulike instruktørane.
Mange privatpersonar, også av dei som ikkje er foreldre i 4H og dermed er litt forplikta til å stille på dugnad, har brukt mange timar på arrangementet. Det har vore naudsynt for å få alt til å fungere. I tillegg har me fått god hjelp frå Den norske bokbyen og Norsk Bremuseum.
Til sist vil me rette merksemda mot dei to hotella våre, som på meistarleg måte klarde å levara kvalitetsmat i rikelege mengder til høvevis 280 og 350 personar.
Tusen takk alle saman!

PS: 4H-arane frå klubben vår som har hatt “vi lagar leir” som oppgåve ,har gjort ein kjempeinnsats og har verkeleg måtta stå på. Dei har fått ansvar og tatt ansvar. Det blir spanande å høyre deira oppleving av å vera arrangørar på haustfesten 2. oktober.

Vist 1102 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder