4H-fylkesleir i Fjærland 30. juni -3. juli

No er påmeldinga lukka og den syner at omlag 250 4H-arar og 40 4H-aspirantar har meldt seg på. Mange av verksemdene, laga og til og med privatpersonar i bygda, har sagt seg villige til å hjelpe til på ulikt vis, då særskilt med aktivitetar for leirdeltakarane laurdag formiddag og under open leir på laurdag ettermiddag. Men endå treng me mykje hjelp for å få avvikla leiren på ein god måte. Under har eg prøvd å skissere kva dugnadsoppdrag me treng hjelp til. Kan du stille på ein eller fleire av desse oppdraga, vert me svært glade. Gi tilbakemelding på mob. 95054306. Tysdag 14.06. kl 20.00 vert det orienteringsmøte på skulen for alle som skal hjelpe til på ein eller annan måte.


Dugnadsoppgåver (alt med same nr er tenkt som ei oppgåve som fleire deler på)
Før leiren tek til:
1.Onsdag 29.06 frå 13.00
- Setje opp telt, bord og stolar.
- Merke tun og vollyballbaner
- Setje opp skilt, bosstativ og informasjon
- Få på plass kjøleskåp og fryseboks
- Lage opplegg for straum og vatn

Under leiren:
2. Torsdag og fredag 15.45 – 17.30 og laurdag 13.45 – 16.00 (2-4 stk)
- Hente middag på Hotellet/Fjordstuen/Bygdahuset
- Hjelpe til med servering av middag og sortering av boss
- Køyre pannane attende til Hotellet/Fjordstuen
- Vask av toalett og dusjar
- Laurdag:Vaske suppepannane og køyre dei attende til bygdahuset

3. Torsdag og fredag 19.00 – 21.00 (2-4 stk)
- Kaffikoking og klargjering av kveldsmat.
- Hente kjølevarene på kjøla hjå Inge.
- Rydde opp etter kveldsmaten/ køyre kjølevarer attende

4.Torsdag, Fredag og Laurdag 23.00 – 04.00 (2 stk-4 stk)
- Nattevakt 1 og vask av toalett og dusjar

5.Fredag, laurdag og sundag 04.00 – 07.45 (2 -4 stk)
- Nattevakt 2, trekking av kaffi og klargjering til frukost

6.Fredag, laurdag og sundag 07.30 – 10.00 (2 stk)
- Hente kjølevarer hjå Inge og brød på butikken
- Servere og rydde under og etter frukost
- Vaske toalett og dusjar

7.Torsdag frå 13.00 – 17.30
- køyre leirdeltakarar som kjem med buss

8.Fredag frå 09.30 og 14.00
- køyre leirdeltakarar som skal til Flatbreen

9.Laurdag frå 09.30-10.00 og 13.00 -14.00
- køyre leirdeltakarar til og frå aktivitetar (Skarestad, Lunde, Campus)

10. Sundag frå 12.30 – 17.00
- køyre leirdeltakarar som skal reise att med buss

11. Torsdag 13.00 – 17.00
- ta imot og hjelpe til rette leirdeltakarar saman med leirvertane

12. Laurdag 15.30 – 18.30
- hjelpe til med bumperballane

13. Laurdag 17.30 – 19.30
- grille burgarar og pølser til leirdeltakarar og tilreisande (6 stk)

Etter leiren
14. Sundag frå 13.00
- Køyre bord og stolar til kaien
- Ta ned telta og få dei på plass på kaien
- Ta ned alle skilt og plakatar
- Fjerne alle merkeband og stolpar
- Køyre på plass frysar og kjøleskåp
- Demontere vassannlegg
- Tømme og vaske utedoane?
- Vaske heile skulen
- Køyre vekk rundballar
- Trille matavfallsdunkane inn på ferjekaien
- Slådde idrettsplassen (ev måndag)

Vist 270 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Ein av aktivetetane me tilbyr leirdeltakarane laurdag formiddag, er båttur på fjorden for å sjå og høyre om krfatutbyggingane. Her er det nokre ledige plassar som me tilbyr til dei som jobbar dugnad for oss. Påmelding inna 19. juni.

Annonse

Nye bilder