Servicebygget i Mundal sentrum

Som de kanskje veit kjem det eit servicebygg i Mundal sentrum. Her skal det vere tre informasjonstavler med informasjon om bygda.
Vi har ei utsmykkingsnemd som jobbar med dette. Dei ynskjer tilbakemeldingar om det er nokon som har innspel til kva som bør stå på tavlene.
Her skal vere info om for eksempel næringsliv, historie og natur.
Har de nokre bra bileter som kan brukast, så er dette av interesse for utsmykkingsnemda. Det gjeld bileter frå for eksempel dagleglivet og høgtid/arrangement.
Innspel eller bileter kan sendast til Audun Olav Eidsnes på audunoe@online.no eller kontakt han på tlf 41479072

Vist 113 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder