Sosialt samvere og premietudeling i ballbingen onsdag 4. mai frå 19.00

Fjærland 4H og Fjærland idrettslag ynskjer alle velkomne til klargjering av volleyballbanene og ballbingen for ein ny sommar. I år er det ikkje så mykje som skal til før området blir flott, så om mange møter opp går ryddinga fort og me kan kose oss med ballspel og andre aktivitetar. Det vert og utdeling av premier frå skikarrusellen.

Me møtest i ballbingen kl 19.00. Ta gjerne med kost.
Dette skal gjerast:
- koste dekket i ballbingen
- henge opp netta på volleyballbanene
- legge ned merkeband på volleyballbanene
- reparere boss-stativet
.-plukke litt boss.
Sidan det er lite boss å plukke rundt ballbanene, oppfordrar me alle til å plukke boss på veg til ballbingen. Der er det nok å ta av, men gjer mange ein liten innsats denne dagen, blir det fort fint langs bygdevegene våre også. Nokre 4H- jenter skal bake kake som premie til alle som kjem med boss dei har funne på vegen.

Etter ryddeøkta vert det premieutdeling frå skikarrusellen og ballspel på begge baner før me tenner bål og grill til dei som ynskjer å lage seg kveldsmat ute.

Vist 165 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder