Matskule for born på rundballefestivalen

Matskulen er for born frå 9 – 12 år (4. – 7. klasse). Her vil dei læra å laga enkle, sunne og smakfulle rettar basert på nære råvarer.

Elevar frå 2. året på kokk-og servitør i Førde er kurshaldarar (Les Hege Mundal med vener). Skulen er delt i 2 kurs. Begge vert på skulekjøkenet på Fjærland skule. Del 1 er fredag 29. august 17.30 til 20.30 og del 2 laurdag 30. august 09.30 til 12.30. Kvart delkurs kostar kr 150,-. Begge kursa kostar kr 250,-. Maks 12 plassar. Påmelding til Hege på mob 47899734 innan tysdag 26.august.

Vist 205 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder