Bård Huseby tek no over drifta av Fjærland Fjordstue. I Første omgang leiger han huset.
Han har tidligare jobba som hotelldirektør på Tørvis Hotell i Marifjøra.
I tillegg til å driva fjordhotell i sommarsesongen er Huseby tilsett i Fjord1 som prosjektleiar for å etablera eit nytt matkonsept på ferjene i konsernet.
Kommentarar
Ifylgje Sogn Avis har han kjøpt Fjærland Fjordhotell. Dersom det er sant, så burde du få det med i di oppsummering!
:-)
Slik du skriv det høyrest det ut som at han skal drive Fjordstua for han som har eigd huset dei siste åra. Stemmer det?
Som Fjærlending veit vel du at det står Fjærland Fjordstue på veggen. Bygget blir vel også kalla pensjonatet?
Kanskje det nye navnet blir Fjærland Fjordhotell?
Huseby tek over heile drifta av hotellet.
Spanande, men han kunne kansje prøvd å ha heilårsåpent, det var det i gode gamledagar, då eg var ung. Hugsar Ansgaren hadde helgesamlingar der, og alle gravferder ol. Men ynskjer lykke til, skal bli kjekt å kunne gå frå pub til pub :)
I følge Bård tidlegare i dag så leiger han Fjordstua for å drive det, i første omgang er det snakk om sommarsesongen.
Det er planar om kjøp på sikt.
Gaute, det var ikkjemeininga å vere frekk, eg lurte på om det var leige eller kjøp. Det har Jan Peter svart godt på. Eg trudde namnet kanskke skal tilbake til Fjordhotell, må sei eg likar det bete.. Uansett bir det kjekt å gå frå pub til pub…
I følge Bård (altså frå samme samtale som eg refererte til lengre opp) er navnet ein av tinga dei skal vurdere, men har ikkje bestemt noko.
Det skal òg vurderast om eit samarbeid med Hotel Mundal blir aktuelt.
Bård var i Fjærland i dag og hadde samtale med Løland om det heile, kva som kom ut av det møte veit eg ikkje, eg traff han på veg bort til Fjordstua.