Hissig mann kasta av bussen i Fjærland

På busshaldeplassen i Fjærland vart ein hissig mann kasta av ekspressbussen

Nattbussen frå Oslo til Førde vart ein time forseinka etter at ein vanskeleg busspassasjer hindra bussen i å køyre vidare.

Mannen i 30-åra gjekk på bussen i Oslo og hadde betalt billett til Hemsedal. Men då bussen kom så langt nekta mannen å gå av. Etter at han fekk sitje på lenger kravde sjåføren etter kvart at mannen måtte betale for å få vere med vidare.

Men dette nekta mannen. Etter kvart utvikla situasjonen seg, og til slutt hadde bussjåføren fått nok. I Fjærland stogga bussen og mannen vart kasta av.

Hindra bussen å kjøyre
Det synte seg å vere lettare sagt enn gjort.
– Mannen ville plutseleg inn att i bussen. Men sjåføren opplevde han som trugande og følte at han kunne vere til fare for seg sjølv og passasjerane, seier Tore Masdal i Firda billag.

– Han stilte seg opp framfor bussen og heldt tak i vindaugsviskarane. Han oppførte seg ikkje normalt, seier Masdal.

Etter at bussen vart ståande i Fjærland vart politiet kontakta. Dei rykte ut frå Sogndal og pågreip den kranglete mannen, ein asylsøkjar i 30-åra. Kvifor mannen ville av i Fjærland, for så å ombestemme seg kan ikkje Masdal svare på.

Asylsøkaren blei køyrd til Sogndal politistasjon. Der blei det føreteke identitetssjekk og så må vi vurdere på sikt kva vi skal gjere, seier Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Opplevde det som ubehageleg
Trafikksjef for buss i Firda Billag, Tore Masdal seier dei har hatt fullt fokus på å følgje opp passasjerane. Då bussen kom til Førde like før klokka 08 fekk dei snakka med dei som var med på turen.

– Det var fleire som opplevde situasjonen som ubehageleg, seier Masdal.

Han har også snakka litt med sjåføren som også opplevde episoden som ekkel og utriveleg.

– Dette er ein erfaren sjåfør, og fleire av passasjerane roser han for å ha gjort ein veldig god jobb når situasjonen oppstod, seier Masdal til NRK.no.

Bussen reiste frå Oslo bussterminal klokka 22.05 søndag kveld og skulle etter planen vere i Førde klokka 06.55. I staden var bussen framme like før klokka 08.

Vist 152 gonger. Følgt av 2 personar.
Annonse

Nye bilder