No er skisesongen i full gang. Det berre å finne fram ski, stavar og smørning. Løypene ligg klar å venta på deg.
Her er skirennplanen for 2012:
Karusellrenn:
Fredag 20.01.12 i Lysløypa trim kl.19.00 tid kl.19.30
Søndag 05.02.12 i Mundal trim kl.13.30 tid kl.14.00
Fredag 17.02.12 i Lysløypa trim kl.19.00 tid kl.19.30
Søndag 11.03.12 på Tuftane trim kl.13.30 tid kl.14.00
Laurdag 24.03.12 på Tuftane trim kl.13.30 tid kl.14.00*
Startkontingent kr. 100,- for vaksne og kr.80,- for born.
Betaling ein gong, for alle renna.
Minimumskravet for premie er deltaking på minst 4 renn.
NB! Alle må hugse å melde seg på før kvart renn.
Dei som ynskjer å delta men ikkje vill ha premie kan gi
beskjed ved påmelding.
Skileikdag 18.03.12
Vert i tunet hjå Brita og Tor. Vi startar kl. 13.00
Grillen er tent så ta med grillmat. Det vert ymse aktivitetar
for store og små. Ta med godt humør, ski, akebrett, plastposar,
tønnestavar eller kva du måtte ha å leike deg med.
Vi arrangerer også natursti.
Premieutdeling
Det vert utdeling av premiar for karusell, lagsrenn og ``ut frå asfalten`` på bygdehuset Torsdag 10. mai kl. 19.00
Lagsrenn *
Laurdag 31.03 kl. 14.00 startar dei som går på trim.
Kl.14.30 er starten for dei som går på tid.
Startkontingent kr. 60,- for vaksne og kr. 40,- for born.
Rennet vert på Tuftane.
Påskemili *
Påskeaftan den 07.04.12, påmelding til rennet frå kl. 12.00 til kl.13.30.
Rennet startar kl. 14.00, påmeldingskontigent kr. 75,-
Rennet er for dei over 12 år (født 00 og eldre). Dei som vil kan gå på trim.
NB! Alle startar samtidig. Rennet vert på Tuftane.
Eige renn for dei under 12 år, påmelding kl. 12.00, start kl. 12.30
Påmeldingskontigent kr. 30,- ( kort løype ca. 1 km. ) Premiering ved målgang ( tel ikkje i langtidspremieringa ).
Anna nyttig informasjon
Løypa blir oppkøyrd tysdag, fredag før kl. 18 og søndag før kl. 12. Frå 01. mars er løypa på Tuftane. Lysbrytaren til lysløypa finn de på klubbhuset, slå av etter bruk.
Er det spørsmål ta gjerne kontakt med Johannes Tufte tlf. 90836669 eller e-post johtu@online.no . Elles i skigruppa er Kristian Skeide, Stein Roar Haugen, Svein Arne Bøyum og Andrè Øygard.
Ved endringar av planen, blir det hengt opp lapp på oppslagstavla og lagt ut på http://fjaerland.origo.no
Renn merka med * vert det høve til å ta skimerke.