Fugletårnet knust til pinneved av Dagmar

Fuglekikkartårnet ved våtmarksområdet Bøyaøyri i Fjærland ligg knust. Natt til 2. juledag måtte det gje tapt for stormen.

- Uff, dette visste eg ikkje. Det var trist å høyre, seier Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn (SNO).

Landets første
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eig tårnet, men SNO har hatt ansvaret for å byggje det opp og halde det ved like.

I tillegg var Statens vegvesenet med og bygde ein rasteplass i tilknyting til tårnet. Rudsengen trur leveggen som skulle skjule bilane, for å hindre at fuglane blei skremde, kan forklare at vindfanget blei for stort.

- Dette var landets første fuglekikkartårn tilpassa rullestolbrukarar, fortel Rudsengen som håpar at det skal la seg gjere å byggje opp att tårnet.

Håpar å finne midlar

SNO bestemte før jul kva tiltak dei ønskjer bruke midlar på i 2012. Men Rudsengen vil informere Fylkesmannen og prøve å få midlar til utsiktstårnet inn på prioriteringslista, sjølv om denne er fastlagd.

Ho vil også få nokon til å sikre området, slik at materialbitar ikkje fyk rundt om kring.

Det store rundballe-biletet til fotograf Oddleiv Apneset som hang på tårnveggen, ligg under vrakrestane, og er truleg øydelagt.

Vist 74 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder