Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (torsdag 5. januar). Les mer om roperten…

Fyrstehjelpskurs i Fjærland.

Kven er den viktigaste til å hindra at ein person med akutt skade eller sjukdom vert verre eller i verste fall døyr? Tja, det kan vel variera noko med situasjonen, men det er sjeldan doktaren på sjukehuset ein time eller meir unna eller ambulansepersonalet som kjem så fort dei kan. Dei er viktige, men den viktigaste er nesten alltid ein familiemedlem, ven, kollega eller granne. Når uhellet er ute er det sekundane og minuttane som tel, og om den skadde er så heldig å ha ein fyrstehjelpskunning nær kan det vera det som bergar liv. Er DU den fyrstehjelpskunnige som er i stand til å berga liv? Eller er det lengje sidan du fekk undervisning i fyrstehjelp slik at du er utrygg på om du minnest det du lærde?

No har du i alle høve sjansen til å verta ein som kan gjera ein skildnad. Fjærland Raude Kross hjelpekorps skipar til Norsk grunnkurs fyrstehjelp og grunnkurs i bruk av hjartestartar i bygdahuset på Skarestad laurdag 21. januar.

Norsk grunnkurs i fyrstehjelp (NGF): Gjennom kurset skal deltakarane læra å undersøkja, gjenkjenna symptom og kunne setja i gang fyrstehjelpsbehandling samt varsla ved skadar og akutt sjukdom. Dei skal kunne utføra hjarte og lungeredning, opptre korrekt på ein skadestad og kunne gje psykisk støtte til hjelparar og pasientar. Kurset passer for alle. Krav til forkunnskapar: Ingen særskilde.

Innhald: Kjeda som reddar liv:

•Medisinsk naudtelefon
•Den fyrste vurdering
•Hjarte-, lungeredning
•Framandlekamar i hals hjå vaksne og born
•Mistanke om hjartesjukdom
•Opptreden på ulukkestaden
•Psykisk fyrstehjelp
•Vanlege skadar

I tillegg vert det grunnkurs i bruk av hjartestartar. Me er så heldige å ha ei slik maskin her i bygdi og den kan redda liv om ein veit korleis den skal brukast. Vågar du å ikkje ha slik kunnskap?

Høyrest dette vanskeleg ut? Eller kjedeleg kan henda? Då har du ikkje møtt kurshaldarane våre! Arnor Navarsete og Ove Fortun er to kunnskapsrike karar som er flinke til å læra i frå seg. Dei er begge røynde livreddarar som veit korleis ein skal formidla desse viktige tingi slik at det vert enkelt og lettfatteleg.

Dette vert vel dyrt tenkjer du kan hende. Nei, langt ifrå. Det er gratis å delta. Dette er nok eit eksempel på at det ikkje er samanheng mellom pris og kvalitet. Her er det ingen pris og høg kvalitet!

Jammen ein vert så svolten! Slapp av, midtvegs i kurset byr me på varm lunsj av beste slag. Gratis den og, og mykje betre enn den evindelege laurdagsgrauten!

Så, spyr deg sjølv: “Når ein så lett kan verta den som kan berga liv og gjera ein skildnad for menneskje ein er glad i og dei ein har rundt seg, kan eg lata vera å koma på kurset? Kan eg vera den som ikkje gjorde noko fordi eg ikkje hadde nytta ein dag på å læra fyrstehjelp?”

Dei turre fakta:

Stad: Bygdahuset på Skarestad.

Tid: Laurdag 21. januar klokka 10.00 til omlag klokka 17.00

Matservering: Varm lunsj midt på dagen.

Kurshaldarar: Arnor Navarsete og Ove Fortun

Påmelding innan onsdag 18. januar til Knut P. Bøyum på storeknut@online.no eller til mobil nummer 913 96 244.

Vist 131 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder