Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (torsdag 29. juli). Les mer om roperten…
Laurdag 14. august er det duka for ein festkveld for alle som likar god musikk og ein svingom. Då har Fjærland ungdomslag invitert irske Andrea Rice med band til Fjærland for å spela til dans i Bygdahuset.
Andrea kjem frå Downpatrick i Nord Irland og har i ei årrekkje vore profesjonell songar og musikar, og mellom anna turnert i USA, Japan og Noreg. Ho har saman med musikarane sine reist rundt med ulike typar konsertar, kulturkveldar og spelt til dans. Musikken hennar femnar om dei fleste typane irsk musikk, med hovudvekt på det ein kallar Folk og Balladar. I Fjærland vil musikkvalet vera valt med tanke på dei som likar å dansa.
Men for oss som vart fødde heilt utan rytmesans er det likevel ei oppleving å berre høyra på musikken. Det er noko med den irske musikken som fengjar i alle aldrar og bakgrunnar, det er vakkert og samstundes fengjande og rytmisk. Så det er nok på sin plass å åtvara om at om ein kjem berre for å lya på musikken så vil det likevel krevja sjølvkontroll å ikkje sneia innom dansegolvet!
Det vert og høve til å nyta Irlands svarte gull (Guinness), eller kan hende du heller vil ha eit glas med gyldne dråpar frå Bergen? Me har sjenkeløyve så her kan ein sløkkja tyrsten mellom dansane.
Om du tek med litt småmynt i lomma, så omlag 150 kroner, og møter opp i bygdahuset på Skarestad i Fjærland laurdag den 14. august klokka 22.00 så vil du få ei kulturoppleving for alle sansane!
Vel møtt.
Fjærland ungdomslag.
Kommentarar
… og stort betre reklame for fest på bygdahuset enn dette skal godt gjerast å få til. Bra, Knut!